31/07/2019

Einingsleiar innan Helse og omsorg

  • Seljord kommune
  • Seljord, Norge
Helse - Sosial - Omsorg Ledelse

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 28.08.2019

Seljord kommune har ledig 100% stilling som einingsleiar for eininga Institusjon i Seljord kommune. Eininga Institusjon omfattar Nesbukti pleie- og omsorgssenter og kommunens produksjonskjøkken. Produksjonskjøkkenet er plassert på Dyrskuplassen.

Nesbukti pleie- og omsorgssenter er ein sjukeheim med 32 plasser. Det er knytt ca 35 årsverk til eininga og er det er Seljord kommune sin største arbeidsplass. Sjukeheimen ligg vakkert til ved vatnet i nærleiken av kommunen sine omsorgsbustadar. Heimesjukepleia har også base på sjukeheimen, noko som gjev gode rammer for internt samarbeid.

Det er i tillegg til einingsleiar tilsett ein assisterande einingsleiar som deler på oppgåvene knytt til administrasjon. Einingsleiar deltek vidare i eit leiarteam som bestend av einingsleiarane innan helse og omsorg, kommuneoverlege og kommunalsjef. Kommunen jobbar aktivt med fagutvikling og har ulike prosjekt for å styrke den faglege kvaliteten. Ved sjukeheimen er det planlagt å starte opp eit prosjekt for å styrke rehabilitering i institusjon, og kommunen har nylig mottatt tilskotsmiddel til dette arbeidet.

Kommunen deltek i store prosjekt som Akuttkjedeprosjektet og Primærhelseteam, noko som påverkar heile helse og omsorg i positiv retning.

Stillinga inneber følgande ansvarsområde:

  • Dagleg drifts- og økonomiansvar for eininga
  • Fagleg ansvar for verksemda
  • Overordna personalansvar
  • Turnusplanlegging

Vi ønsker ein person som:

  • Er utdanna off. godkjent sjukepleiar
  • Har utdanning innanfor leiing og har erfaring frå liknande arbeid
  • Er løysingsorientert
  • Har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
  • Er sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • Har evne til å tenke nytt og framtidsretta
  • Har god kjennskap til kvalitetsarbeid og krav til internkontroll
  • Har kjennskap til velferdsteknologi og nye arbeidsmetodar.

Personleg eigenskapar vil bli vektlagd. For tilsetting i stillinga blir det stilt krav til godkjend politiattest.

For meir informasjon om stillinga kan ein ta kontakt med:

Søk elektronisk via elektronisk søknadsskjema

Søknadsfrist: 28. august 2019.

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!