05/08/2018

Sjukepleiar ved Bremanger sjukeheim

  • Bremanger kommune
  • Bremanger, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 02.09.2018

Ved Bremanger sjukeheim i Kalvåg er det ledig to faste 100% stillingar som sjukepleiar frå snarast.

Vi søkjer etter personar som:

  • er offentleg godkjente sjukepleiarar, gjerne og med relevant vidareutdanning.
  • har god samarbeidsevne og er gode på teamarbeid.

Bremanger sjukeheim har fleksibel turnusordning/årsturnus, der dei tilsette i stor grad er med og påverkar når dei skal jobbe. Turnusen er tredelt, men om du ynskjer det, så kan det vere mogleg å søkje om nattevaktstilling.

Den som vert tilsett må:

  • legge fram politiattest av nyare dato.
  • kunne nytte norsk munnleg og skriftleg godt, då kommunikasjon og dokumentering er ein stor og viktig del av arbeidet.

Bremanger kommune:

  • Lønnar alle sjukepleiarar 25 000 kroner over minsteløn.
  • Har god pensjonsordning og heildøgns forsikring.
  • Kan hjelpe til å skaffe bustad og barnehageplass.
  • Gjev utfordrande og sjølvstendig arbeid. 

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i eige dokument sendt til post@bremanger.kommune.noeller Bremanger kommune, pb 104, 6723 Svelgen.

Alle søkjarar til ledig stilling i Bremanger kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå