11/07/2019

Fylkestannlege - avdeling strategi og digitalisering - Vestland fylkeskommune

  • Vestland fylkeskommune
  • Bergen, Norge
Ledelse Tannhelse

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 11.08.2019

Fylkestannlege - avdeling strategi og digitalisering - Vestland fylkeskommune

Avdeling strategisk utvikling og digitalisering skal:
- styrke rolla fylkeskommunen har som samfunnsutviklar
- samordne aktiviteten fylkeskommunen har overfor kommunar og eksterne aktørar
- leie fylkeskommunen sitt arbeid med regional planstrategi og etablering av sentrale samarbeidsarenaer 
- samordne den interne aktiviteten i fylkeskommunen gjennom sektorovergripande prosessar, utstrekt bruk av prosjektarbeidsforma og samhandling på tvers av organisasjonseiningar
- ta ei leiande rolle i arbeidet med digitalisering.

Fylkestannlegen inngår i leiargruppa til fylkesdirektør for strategisk utvikling og digitalisering og vil vere øverste administrative og faglege leiar for tannhelsesektoren i Vestland fylkeskommune. Som leiar i fylkeskommunen må du ha forståing for heilskapen og bidra til tverrfagleg arbeid i tenesta. Du må identifisere deg med kjerneverdiane våre, open, kompetent og modig, og vere med på å motivere organisasjonen til å arbeide i tråd med desse.

Arbeidsoppgåver 

  • Ha dialog med samarbeidspartnarar og skape gode relasjonar med kommunane og andre aktørar innan fagfeltet.
  • Vere ansvarleg for tenesteproduksjonen, økonomien og dei tilsette i tannhelsetenesta.
  • Vere ein pådrivar for utvikling og nyskaping.
  • Bygge ein sterk fellesskapskultur og eit godt arbeidsmiljø.
  • Sikre ei berekraftig økonomisk utvikling.
  • Levere resultat i samsvar med politiske vedtak.
  • Sikre god dialog og godt samarbeid med arbeidstakarorganisasjonane og vernetenesta. 

Personlege eigenskaper 

  • resultatorientert, initiativrik og handlekraftig
  • strukturert og løysingsorientert innstilling
  • sterk verdiforankring og høg etisk standard 

Kvalifikasjonar 

  • leiarerfaring
  • kompetanse innan økonomisk styring
  • god kjennskap til den offentlege tannhelsetenesta
  • god rolleforståing for samspelet mellom fag og politikk
  • erfaring frå omstillings- og endringsprosessar
  • tannlege med godkjend norsk autorisasjon 

Følgjande blir tilbydd 

  • å vere med på å forme og utvikle ein av dei viktigaste samfunnsaktørane på Vestlandet, i eit miljø prega av høg kompetanse og engasjerte tilsette.
  • løn etter avtale.
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
  • Andre opplysningar:
  • Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk.
  • Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Namna på stillingane i den nye fylkeskommunen er ikkje endeleg avklara slik at det kan skje endringar.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!