03/07/2019

Konsulent på økonomikontoret i fast 100% stilling

  • Austrheim kommune
  • Austrheim, Norge
Administrasjon - Økonomi Rådgiver - Konsulent

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 01.08.2019

Det er ledig fast 100% stilling som konsulent på økonomikontoret gjeldande frå og med 01.09.2019. Stillinga er mest knytt til lønnsarbeid.

Stillinga er knytt til økonomiavdelinga som har tre tilsette: skatt, økonomi og lønn. I tillegg har vi økonomisjef som er med i leiargruppa.

Arbeidsoppgåver

- Lønnsarbeid og lønnskjøring
- Ansvar for offentleg rapportering (KLP,SPK, A-melding med fleire)
- Oppfølging av refusjonar frå NAV
- Rådgjeving til avdelingsleiarar og tilsette i samband med lønnsspørsmål
- Avstemmingsoppgåver
- Månad/kvartal//årsavslutning
- Rekneskap for Austrheim Sokn
- Hjelpe i arbeidet med å utvikle interne kontrollrutinar, system og prosessar
- Relevante ad hoc-oppgåver

Krav til kompetanse

- Relevant høgare økonomisk utdanning og god rekneskapsforståing
- Erfaring frå lønn og rekneskap
- God IT- og systemkompetanse
- Erfaring med Visma Enterprise er ein fordel

Personlege eigenskaper

Vi søkjer ein person som er:
- Strukturert, nøyaktig og analytisk med fokus på kvalitet i arbeidet
- Sjølvstendig
- Høg arbeidskapasitet
- God til å planleggje og samtidig som du evnar å handtere fleire oppgåver samtidig
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.

Informasjon om stillinga

For nærare opplysningar, kontakt økonomisjef Olav Andersen på telefon 928 08 778.

Vi kan tilby

Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, regler og avtaleverk.
God pensjonsordning, KLP

Søknad vert å senda

Søkjar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider, www.austrheim.kommune.no  Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000.

Kontakter

Navn: Olav Birger Andersen
E-post: olav.andersen@austrheim.kommune.no 
Mobil: +4792808778

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!