02/07/2019

Ingeniør veg-planlegging

  • Voss kommune
  • Voss, Norge
Ingeniør - Sivilingeniør Planlegging VAR - VVA - VVS

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 08.08.2019

Til driftsavdelinga for veg og VA (vatn/avløp) søkjer me veg-ingeniør til prosjektering, prosjekt- og byggeleiing samt kommunal sakshandsaming. Avdelinga nyttar prosjekteringsmedia Novapoint og Autocad og det er ynskjeleg at søkjar beherskar dette eller tilsvarande verktøy.

Driftsavdelinga har arbeid innanfor veg-, vatn og avløpssektoren. Kommunen eig og driftar 320 km veg og 120 bruer. På VA-sida er det til saman ca. 300 km med vass- og avløpsleidningar, 75 pumpestasjonar, 8 vassverk og 11 reinseanlegg. Avdelinga har ansvar for å forvalte og utøve eigarskap til kommunen sine veg- og VA-oppgåver til beste for kommunen sine innbyggjarar. Driftsavdelinga har 35 tilsette.

Sentrale arbeidsoppgåver

- Prosjektering av veg-anlegg
- Overvatn, flom- og skredvern
- Rullering av hovudplan for trafikksikring
- Kommunal sakshandsaming 
- Prosjektgjennomføring
- Informasjon og rettleiing av kundar
- Samhandling med andre fagfelt som til dømes VA og bygg/eigedom

Me ynskjer medarbeidarar med

- Kvalifikasjonar som tilsvarar ingeniørhøgskule/bachelor eller sivilingeniør/master
- Gode datakunnskapar
- Erfaring frå prosjektstyring og veg-planlegging

Me legg vekt på gode samarbeidsevner, sjølvstende og positiv haldning.

Me tilbyr

- Ein trygg og god arbeidsstad med spennande oppgåver
- Ein inkluderande arbeidsplass der me legg til rette for fagleg og personleg utvikling
- Høve til å påverka eigen arbeidskvardag
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- Mektig natur, ski- og fritidsterreng med aktivitetar frå fjord til fjell
- Ei levande kulturbygd med gode oppvekst- og utdanningsvilkår
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass

Søknad

Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både 
når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Alle medarbeidarar vert tilsett i Voss kommune og ikkje på den einskilde arbeidsstad. Frå 01.01.2020 vert tilsetjinga vidareført frå Voss kommune til Voss herad. Søkjarar må kunna snakka norsk og skriva nynorsk.

Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert 
ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova §25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.

Kontakter

Navn: Bjarne Løne
Tittel_ leiar driftsavdelinga
E-post: bjarne.lone@voss.kommune.no 
Mobil: 95086772

Navn: Torbjørg Austrud
Tittel: kommunalsjef teknisk
E-post: torbjorg.austrud@voss.kommune.no 
Mobil: 91874200


Søk her!