02/07/2019

Fagansvarleg for miljøterapi, heimetenester og krisesenter Psykisk helse

  • Gol kommune
  • Gol, Norge
Helse - Sosial - Omsorg Ledelse

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 10.08.2019

Psykisk helse og rusteneste er ei teneste i utvikling. Tenesta er for tida lokalisert til Valdresvegen, men vil i løpet av 2020 bli samanslått med Krisesenteret for Hallingdal.

Stillinga krev nært samarbeid med andre kommunale tenester, td. heimetenesta og legetenesta og med eksterne samarbeidspartar som DPS og andre delar av spesialisthelsetenesta

20 % av stillinga skal brukast til administrative oppgåver og 80% av stillinga inngår i turnus med direkte tenesteyting. Fram til nyttår 2019 er det vakt kvar 5. helg.

Vi søkjer:

Ein medarbeidar som er
* Fagleg kompetent med utdanning på høgskulenivå
* Engasjert og reflektert 
* Strukturert, sjølvstendig og målbevisst
* God til å samarbeide
* Er kontaktskapande 
* God til å formulere seg skriftleg på norsk

Kvalifikasjonar:

* Helse-eller sosialfagleg utdanning

Arbeidsoppgåver:

* I samråd med områdeleiar og dei andre fagansvarlege:
- Ha oversikt over alle brukarar med vedtak på tenester
- Tildele primærkontakter til brukarar 
- Ha oversikt over bebuarar på krisesenteret
- Ha kontakt med heimekommunen til bebuarar på krisesenteret og koordinere tiltak
- Kontaktperson for pakkeforløp 
* Delta i turnus med miljøterapitenester , heimetenester og krisesentertenester
* Samarbeid med dei andre fagansvarlege i Psykisk helse og rus- teneste
* Tverrfagleg samarbeid mellom anna med heimetenesta og legetenesta
* Samarbeid med spesialisthelsetenesta

 

Vi tilbyr:

* Spennande og meiningsfulle oppgåver
* Eit godt fagleg arbeidmiljø
* Ei teneste som er i utvikling og under omorganisering

For stillinga gjeld:

* Lønn etter utdanning og ansiennitet
* Tenestepensjon

Vi ynskjer at:

* Du har god relasjonskompetanse
* Du har erfaring frå tenesteområda

Gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggjast fram før tiltreding i stillinga

 

Anna:

Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.

Det er viktig at du fyller ut alle punkt under skule og utdanning. Det blir produsert ein CV på grunnlag av dei data du legg inn. 
Du får berekna ansiennitet for all offentleg teneste, samt relevant privat teneste. Dersom du har vore heime med barn eller hatt anna omsorgsarbeid må du fylle det inn som arbeidserfaring. Du kan få berekna inntil 3 år med ansiennitet for omsorgsarbeid.

I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette, men det skal gode grunnar til for at dette skal bli teke til følgje. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:

Gol kommune nytter elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert. Ved spørsmål knytt til registrering av elektronisk søknad, kontakt Trine Eidsgaard via Tenestetorget 32029000.

Er du ny som søkjar til stilling i Gol kommune vel du "Registrere søker" for å opprette brukarnamn og passord. Søkjarar som er, eller har vore tilsett i Gol kommune, har allereie eit brukarnamn. Dette er som regel namnet ditt, skrive med store bokstavar. For å generere passord må du følgje instruksane du får når du trykker på "Glemt brukarnamn/passord", som du finn på nettsida der du søkjer stilling. Du vil då få instruksar på din e-post i Gol kommune eller den e-posten du har oppgitt til Gol kommune.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Kontakter

Navn: Marianne Ødegaard Müller
Tittel: Områdeleiar
Mobil: 91673947

Navn: Ingebjørg By Teigen
Tittel: Avdelingsleiar
Mobil: 91348300
Arbeid: 32029118

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!