05/08/2018

Rådgjevar innan helse og velferd

  • Åmli kommune
  • Åmli, Norge
Helse - Sosial - Omsorg Rådgiver - Konsulent

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 19.08.2018

Har du lyst til å vere med å utvikle helse og omsorgstenesta i Åmli kommune? Da er du kanskje vår nye medarbeidar? Vi søkjar ny rådgjevar som skal arbeide både strategisk og operativt innan helse og velferd. Stillinga er organisert i stab til leiar for helse og velferd. Rådgjevar er stedfortredar i leiar sitt fråvær.

Arbeids- og ansvarsområde

  • Utvikle og i gangsetting av digitale verktøy
  • Innføring av velferdstekonolgi /e-helse
  • Vere systemansvarlig for dei ulike IKT-systema i eininga
  • Forbetrings- og effektiviseringsarbeid
  • Delta i ulike utviklingsprosjekt
  • Vere ein støtte og rettleiar for teamsjukepleiar for institusjon og heimebaserte tenester
  • Ansvarlig for HMS og beredskapsarbeid innan helse og velferd
  • Stedfortreder for leiar

Kvalifikasjonar

  • Utdanningsnivå:  bachlor innan sjukepleie  (180 studiepoeng)
  • Erfaring frå kommunehelsetenesta
  • Gode digital kompetanse
  • Ønskelig med leiarerfaring
  • Gjerne vidareutdanning innan helseinformatikk, velferdstekologi eller liknande.

Personlege eigenskapar

  • Evne til  vere nytenkande og innovativ innan helse og velferd
  • Vere leiar av prosjekt og arbeide i team, men også arbeide sjølvstendig
  • Er god på relasjonsbygging
  • Bidra positiv og humørfylt i arbeidsmiljøet
  • Gode norskkunnskapar både skrifteleg og munnleg
  • Ha evne til å vere serviceinnstilt, utviklings- og løysningsorientert.
  • Personleg eignahet vil bli vektlagt ved tilsetting

Kva kan vi tilby

  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit positivt arbeidsmiljø
  • Moglegheit til å påverke utvikla av tenestane
  • Fleksibel arbeidstid
  • Lønn etter avtale

For tilsettinga gjeld vanlege kommunale vilkår fastsett i lov, forskrift, reglement eller avtale.

Har du spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med leiar for helse og velferd Laila Nylund tlf: 97199610, epost lny@amli.kommune.no eller rådgjevar Arne Hansen-Espebu tlf: 37185285, epost: aha@amli.kommune.no 

Du må nytte elektronisk søknadsskjema for å søke på stilling i Åmli kommune. Trykk på knappen "Søk nå" på denne sida.

Søker du på fleire stillingar samstundes, må du merke av alle stillingane du søker på i skjemaet. Søknadene må då prioriterast i høve til kvarandre i feltet for tilleggsopplysningar.

Søknadsfrist: 19.august 2018

Velkomen som søkar til stilling i Åmli kommune!

Elektronisk søknadsskjema
For å søke på stilling i Åmli kommune må du bruke elektronisk søknadsskjema. Trykk på knappen "Søk nå" på denne sida.

Søkerliste og offentlighet
Når du søker på stilling i Åmli kommune er søknaden din eit offentleg dokument på lik linje med dei fleste andre kommunale dokument. Dette er stadfesta i kommunen sitt informasjons-reglement. Vi gjer merksam på at kommunen har offentleg søkarliste som er tilgjengelig for alle, og at opplysningar frå søknadsskjemaet (CV-en) er med i utvida søkarliste som søkarar kan få på forespørsel.

Politiattest - vandelsattest
For nokre stillingar er det krav om at søkar skal levere politiattest.  På nettsida til Politiet kan du lese om politiattest/vandelsattest. Her finn du og eit eige søknadsskjema.

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå