01/07/2019

Plansjef i Kinn kommune

  • Nye Kinn kommune
  • Kinn, Norge
Ledelse Planlegging

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 25.08.2019

Nye Kinn kommune søker etter:

Plansjef

Oppgåver og ansvar

  • Ein leiar som både skal syte for ei god forvaltning innanfor fagområdet og samtidig vere ein pådrivar for utvikling av kommunen. Mellom anna vil plansjefen få eit særskilt ansvar for fylgje opp intensjonsavtalen si målsetting; "prioritere plankapasitet, areal og tilrettelegging for tomter til næring, landbruk og bustadbygging"
  • Ansvar for gjennomføring av prosjekt innanfor fagområdet
  • Ansvar for økonomisk og administrativ leiing av tenesta
  • Plansjef vil inngå i leiargruppa til tenesteområde for samfunn, kultur og miljø. Det blir forventa at du deltek konstruktivt i denne gruppa med spesiell forventning til samarbeid på tvers mellom fag- og ansvarsområder.
  • Vere kommunen si "stemme" mot lokalsamfunnet innanfor ansvarsområdet
  • Saman med andre leiarar sikre at kommunen arbeider systematisk med utvikling og omstilling for å nå overordna målsettingar
  • Utgreiingar og arbeidsoppgåver etter kommunalsjefen si avgjerd

Du må gjerne ha god kjennskap til datateknologi og digitalisering, men det er viktigare at du kan arbeide med menneske som søker nye måtar å løyse oppgåvene på; neste praksis.

Vi ser etter deg med følgjande kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning, gjerne med leiing i fagkretsen
  • Relevant erfaring frå privat eller offentleg sektor
  • Evne til å motivere, og få det beste ut av medarbeidarane
  • Evne skape gode relasjonar og samarbeid internt i kommunen og mellom kommunen og næringslivet/innbyggjarar
  • God forståing for økonomistyring
  • Utgreiingserfaring, gjerne med erfaring frå produksjon av saker til politisk nivå
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Utvikling- og resultatorientert
  • Analytisk og har gjennomføringsevne
  • Lagspelar med fagleg forståing innanfor ansvarsområdet
  • Ser heilskapen i ein kommuneorganisasjon

Som leiar i Kinn må du rekne med å arbeide i heile kommunen sitt geografiske nedslagsfelt uavhengig av kvar du har kontorstad.

Vi kan tilby:

  • Ein organisasjon som skal gjennomføre tidenes kompetanseløft
  • Spennande utfordringar i ein organisasjon i stadig endring
  • Sjølvstendige og utfordrande arbeidsoppgåver i eit allsidig og fagleg spennande miljø
  • Godt kvalifiserte og hyggelege kollegaer
  • Konkurransedyktig løn og gode pensjonsordningar
  • Valfri kontorstad; Måløy eller Florø.

Om du har spørsmål eller ønskjer å snakke om stillinga kan du kontakte kommunalsjef Rolf Bjarne Sund, tlf. 917 10 500, e-post rolf.bjarne.sund@kinn.kommune.no.

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i søknadsteksten.

Søknadsfrist 25. august 2019.

For mer informasjon kontakt: , Rolf Bjarne Sund, Mobil +47 91710500, Epost: rolf.bjarne.sund@kinn.kommune.no 

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!