28/06/2019

GIS/Geodataingeniør

  • Ulstein kommune
  • Ulstein, Norge
Arkitekt - Geografi - Landskap Ingeniør - Sivilingeniør

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 11.08.2019

Ulstein kommune har ledig ei 100 % fast stilling som GIS / geodataingeniør på plan- og bygningsavdelinga innanfor fagområde geodata. Hovudarbeidsområda er landmåling og GIS-arbeid. Fagområdet vert ivareteke av to personar. 

Vi søkjer etter ein medarbeidar som er ein god lagspelar, evnar å arbeide sjølvstendig, har ei positiv serviceinnstilling og som tek initiativ. 

Arbeidsoppgåver

  • Matrikkelføring
  • Landmåling etter Matrikkellova
  • Stikningsarbeid
  • Drift av kommunen sitt GIS-system
  • GIS-analysar (kommunen nyttar Norkart Gisline)
  • Datasamling ved hjelp av GPS
  • Oppdatering og vedlikehald av kartdatabasar
  • Saksutgreiing ved grunnerverv
  • Andre arbeidsoppgåver kan bli tillagt stillinga

Stillinga omfattar forvaltningsarbeid og behandling av enkeltsaker etter relevant lovverk. Informasjonsarbeid og rettleiing av innbyggjarar og ansvarlige føretak, vil også vere ein sentral del av stillinga.  

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på høgskule eller universitetsnivå
  • Kompetanse/erfaring knytt til forvaltningsoppgåver innan delesak, grunnerverv, plan- og byggesak
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Erfaring med programvare innan GIS.

Personlege eigenskapar

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaringar. Det er viktig med god digital forståing. 
Vi tilbyr
  • Triveleg arbeidsplass med gode vilkår for opplæring og fagleg utvikling
  • Interessante arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø 
  • Løn etter avtale med utgangspunkt i kvalifikasjonar (utdanning/praksis)
  • Personleg etter- og vidareutdanning vil kunne vurderast
  • Ulstein kommune har avtale om inkluderande arbeidsliv (IA-bedrift) 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar 
  • Fleksibel arbeidstid

Kontaktinformasjon

Anita Sundnes
Leiar for plan- og bygningsavdelinga
41201455
anita.sundnes@ulstein.kommune.no

Arne Runar Vik
kommunalsjef teknisk
41582440

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!