05/08/2018

To spennande prosjektstillingar

  • Ål kommune
  • Ål, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse



SØKNADSFRIST: 15.08.2018

Ål kommune har fått statlege midlar for å utvikle aktivitetstilbodet innan helse og omsorg. Arbeidet vert organisert som to prosjekt med kvar sin prosjektleiarstilling. Det er ønskeleg med oppstart snarast mogeleg.

Prosjektstillingane er midlertidige for eitt år med mogelegheit til forlenging. Søkarar bør vere interessert i ei 100 % stilling eller ei stor deltidsstilling. Stillingane vil vera plasserte i helse- og omsorgssektoren med kontorlokalisering til helsesenteret. Det vert lagt opp til eit tett samarbeid mellom dei to prosjektstillingane og med kultursektoren si satsing mot eldre. Såleis vil mykje av arbeidet forankrast i eit team med samanfallande målsetjingar.

Prosjekt gode dagar

Prosjektstillinga skal leie arbeidet med å byggje opp aktivitetar og meiningsfullt innhald i dagane primært for dei to bufellesskapa for personar med demens i Nigarden og heimebuande med begynnande demens, men dernest med ringverknader til heile helse og omsorg.

Arbeidsoppgåver:
* Inneha ein planleggings- og koordinatorfunksjon for aktivitetar og tilbod tilpassa heimebuande med utfordringar innan demens, og andre brukarar av helse og omsorgstenester i kommunen.
* Legge til rette for arbeidsmetodar som tek i bruk song og musikk, kunst, matkultur og lokal historie og tradisjonar
* Vera ein aktiv pådrivar og deltakar i det å skape gode dagar for målgruppa
* Utvikle samarbeidet mellom oppvekstsektor, kultursektoren og omsorgstenestene
* Utvikle samarbeidet med Frivilligsentralen og frivillige lag og organisasjonar
* Bidra til å endre haldningar i omsorgstenestene frå passiv pleie til aktiv omsorg
* Medverke til å gjera Ål til eit demensvennleg samfunn
* Samarbeide tett med Prosjekt taktomslag, - sjå nedanfor.

Prosjekt taktomslag

Prosjektstillinga skal leie arbeidet med å vidareutvikle dagsentertilbodet i kommunen til ei meir individuell tilpassa aktivitetsformidling. Målgruppa for dette prosjektet er primært alle menneske som enten er ferdige med yrkeslivet eller som av ulike grunnar har falle ut av det ordinære arbeidslivet og som har behov for å fylle kvardagen med meiningsfull aktivitet, men også innbyggjarar som kjenner behov for tryggare rammer rundt seg for kortare eller lengre tid og pårørande med store omsorgsoppgåver som har behov for avlasting.

Arbeidsoppgåver:
* Vidareutvikle aktivitetstilbod / dagsenter for ulike brukargrupper, herunder menneske med demens og utviklingshemmingar
* Byggje opp eit tilbod der ein formidlar kontakt mellom brukarar og ulike aktivitetsarenaer ute i bygda
* Utvikle eit tilbod om tryggleiksplassar / hyblar for kortare opphald
* Utvikle samarbeidet med Frivilligsentralen og frivillige lag og organisasjonar
* Medverke til å gjera Ål til eit demensvennleg samfunn
* Samarbeide tett med Prosjekt gode dagar, - sjå ovanfor.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar for begge prosjektstillingane

Kommunen vil i desse tilsetjingane vektleggje personlege eigenskapar.

Vi treng dei som
- er eldsjeler med kreativitet og fleksibilitet
- er nettverksbyggjarar og miljøskaparar
- har organisasjonstalent og gjennomføringsevne
- er glad i eldre menneske 
- har evne til å jobbe både sjølvstendig og i team

Det er ein fordel med relevant utdanning og erfaring.
Det vert kravd førarkort kl. B.

Me tilbyr

* Utfordrande og nyskapande jobbar
* Lønn etter avtale
* Fleksibel arbeidstid

Send søknad

Det skal søkast digitalt gjennom Ål kommune sin søknadsportal, www.aal.kommune.no

Kontakter
Borghild C Ulshagen
konsulent fagutviklar
E-post borghild.ulshagen@aal.kommune.no 
Mobil 99287898

Karsten Popp Dideriksen
Kommunalsjef Helse- og sosial
E-post karsten.dideriksen@aal.kommune.no 
Mobil 99287899

Øystein Lappegard
Kommuneoverlege
E-post oystein.lappegard@aal.kommune.no 
Mobil 99287906
Arbeid 32085000

Ansettelsesform

Prosjekt  

Søk nå