07/06/2019

Barnevernskonsulent

  • Stryn kommune
  • Stryn, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 25.06.2019

Vi har oppretta ny stilling i berneverntenesta og lyser med dette ut 100% fast stilling som barnevernskonsulent frå 01.08.2019.

Barneverntenesta i Stryn er organisert i helse- og sosialetaten. Barnevernleiar har kommunalsjef som næraste leiar. Det er 4 stillingar knytt til tenesta i tillegg til ny stillingsheimel. Vi har fokus på utvikling av barnevernfaget og vi vil auke kompetanse og innsats innan førebyggjande arbeid og tiltaksarbeid i heimen. Hovudoppgåver i stillinga vil vere generelt barnevernsfagleg arbeid. Ut frå samansetning av personale i tenesta vil det verte tilpassa oppgåver med bakgrunn i rett kompetansebruk.

For å fylle den ledige stillinga leitar vi etter deg som: 

  • er engasjert i barn og unge sine oppvekstvilkår

  • har innsikt i faktorar som fremjar og hemmer desse

  • har evne til å sjå barn og unge i deira heilskaplege situasjon

  • har evne til å støtte og rettleie foreldre til å fremje omsorgsevna

  • har evne til å byggje relasjonar til målgruppa

  • har tolmod til å stå i situasjonar sjølv om dei ikkje let seg løyse raskt

  • kan omgjere teoriar og metodar til god praksis

  • ser verdi av tverrfagleg samarbeid

  • kan arbeide sjølvstendig 

Kompetansekrav:

  • sosialfagleg høgskuleutdanning

  • relevant vidareutdanning og/eller sertifisering innan fag og metodikkar er ynskjeleg

  • erfaring med arbeid innan felt barn og unge og deira familiar vil vere ein fordel, gjerne tiltaksarbeid

  • god skrifteleg framstillingsevne

  • personleg eignaheit vil bli vektlagt 

Du må ha:

  • førarkort og mulegheit for å disponere bil 

Vi kan tilby:

  • gode arbeidstilhøver i kommunesenteret i Stryn

  • kompetente kollegaer i godt arbeidsmiljø

  • mulegheit for kompetanseutvikling

  • løn etter tariff

  • god pensjonsordning  

Politiattest må framleggast før tiltreding i stillinga 

Kopi av rettkjende attestar og vitnemål kan alternativt sendast pr post (vil ikkje bli returnert)  

Søkjarane er som hovudregel offentlege og det er strenge kriterie for å bli unnateke, jf.  offentleglova §25. Dersom du ønskjer å reservere deg frå offentleg søkjarliste må du grunngje det i søknaden.

Kontaktpersonar:

Rita Stølen Veamyhr
tlf: 57874700

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!