05/08/2018

Rettleiar sosial i Austrheim Nav

  • Austrheim kommune
  • Austrheim, Norge
Helse - Sosial - Omsorg Rådgiver - Konsulent

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 20.08.2018

Sosialtenesta søkjer medarbeider tilknytta Nav. Er du sosionom eller har anna relevant høgskuleutdanning, er du kanskje den vi leitar etter? Om du ynskjer å bidra til gode tenester for våre brukarar og du trivest i ein hektisk og spanande arbeidskvardag, er det nettopp deg vi søkjer.

Frå 15.10.18 er det ledig ei 100 % fast stilling som rettleiar i Nav sosial Austrheim.

Opplysninger avdeling

Stillinga er plassert i Austrheim Nav. Der er i tillegg ein sosionom og to flyktningesekretærar. I tillegg er to statleg Nav-tilsette tilstades to arbeidsdagar for veka. Austrheim kommune står framfor ei vurdering om det skal opprettast eit samarbeid med Fedje, Gulen, Masfjorden og Modalen om eit samla og større Nav-kontor. Ein legg opp til å konkludere i dette spørsmålet innan 2019.

Arbeidsoppgåver

Kartleggje behov, gje råd og rettleiing. Motivere for tiltak som kan bidra til aktivitet. Sakshandsaming økonomisk sosialhjelp og oppfølging. Arbeid med økonomisk rettleiing og gjeldsrådgjeving er lagt til stillinga. Arbeidsoppgåver i høve til rus/psykiatri inngår og. I tillegg inngår arbeid i publikumsmottak og andre oppgåver i Nav-kontoret si oppgåveløysing.

Krav til kompetanse

- Sosionom eller tilsvarande relevant 3-årig utdanning frå høgskule/universitet
- Særleg relevant praksis kan delvis kompensere for utdanningskravet
- Erfaring frå rus/psykiatri arbeid er ynskjeleg
- Kjennskap til rettleiing i høve til privatøkonomi og økonomisk rettleiing
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Fleksibilitet

Personlege eigenskaper

Du må like å ha det hektisk og ha stor arbeidskapasitet. Du må ha evne til å snakke med menneske i ulike livssituasjonar og kriser, du må vere i stand til å ta sjølvstendige avgjersler og ha gode samarbeidsevner. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Informasjon om stillinga

For nærare opplysningar kontakt assisterande rådmann Olav Mongstad tlf. 913 74 696.

Vi kan tilby

Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, regler og avtaleverk.
God pensjonsordning, KLP. 

Søknad vert å senda

Søkjar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider, www.austrheim.kommune.no. Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000.

Kontakter

Navn: Olav Mongstad
E-post: olav.mongstad@austrheim.kommune.no
Mobil: 91374696

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå