13/06/2018

Spesialsjukepleiar psykisk helse, 80% fast

  • Etne kommune
  • Etne, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Stillingsbeskrivelse

SØKNADSFRIST: 24.06.2018

Det er ledig 80% fast stilling som spesialsjukepleiar psykisk helse med arbeidsplass både i Etne og Skånevik. Tenesta har totalt 5,6 årsverk knytt til psykisk helse- og rustetenesta som inneheld m.a dagtilbud og aktivitetstilbud, rusarbeid, miljøarbeid, støttesamtalar, tverrfagleg samarbeid mm. Ein liten og spennande arbeidsplass.

Arbeidsoppgåver

- Samtaleterapi, kartlegging og behandling.
- Psykososial oppfølging.
- Tverrfagleg samarbeid
- Kan bli arbeidsoppgåver på dag/aktivitetstilbud og i ulike gruppetilbud.
- Kan bli medlem av psykososialt kriseteam

Kompetanse:

- Krav om 3-årig helse-/sosialfagleg bachelor. 
- Minimum 1-årig vidareutdanning innan psykisk helse/kognitiv terapi.
- Ønske om kompetanse innan angst- og depresjonsmeistring.
- Du må ha erfaring frå arbeid i prakisfeltet innan rus og psykiatri
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk.
Førarkort kl B

Personlege eigenskapar

- Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner. 
- Innbyr til tillit og har evne til å skape gode relasjonar. 
- Innsiktsfull og trygg i arbeid med menneske i krise.
- Fleksibel og endringsvilllig
- Er positiv og meistringsfokusert.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Annan informasjon

Ved arbeid i skule, barnehage, sfo, kulturskule, psykisk helse og rustenesta og miljøarbeidstenesta skal det og leggast fram godkjend politiattest.

Ved arbeid i skule/barnehage eller pleie og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på negativ tuberkuloseundersøking før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn 3 mnd. Treng du meir opplysning om dette, ta kontakt med helsestasjonen. Tilsett i pleie- og omsorg må i tillegg leggja fram dokumentasjon på negativ MRSA-test.

Ynskjer ikkje kontakt med rekrutteringsselskap eller seljarar.

Søknad skal sendast

Etne kommune nyttar elektronisk søknadsskjema - dersom du treng hjelp til dette, ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 53758000. Søknad vert å senda elektronisk innan fristen ved å trykkja "søk stilling" til høgre. Søkjar vert oppmoda til å laste opp elektronisk versjon av attestar og vitnemål. Originalar leggjast fram ved eit eventuelt intervju.

Dersom søkjar ønskjer å reservara seg frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.

Kontakter

Navn: Hilde Høyland
Tittel: Helseleiar
E-post: hilde.hoyland@etne.kommune.no
Mobil: 47 28 65 39

Navn: Ingebjørg Rullestad
E-post: ingebjorg.rullestad@etne.kommune.no
Mobil: 95491353

Ansettelsesform

Fast

Søk nå