24/06/2019

100% stilling som sjukepleiar i Bremanger kommune, for tida i Svelgen/Davikområdet

  • Bremanger kommune
  • Bremanger, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse


UTVIDA SØKNADSFRIST: 11.08.2019

Det er ledig ei fast stilling som sjukepleiar inntil 100% i for tida heimesjukepleien i Svelgen/Davikområdet frå 01.08.2019.

Vi kan tilby

• god pensjonsordning og heildøgns forsikring
• hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass

Vi lønnar alle sjukepleiarar 25 000 kroner over minsteløn. 

Om arbeidsplassen

Heimetenestene i indre del av Bremanger Kommune skal iløpet hausten 2019 verte samordna som ei teneste. Tenesta vil verte organisert frå Svelgen, med gode velfedstekniske løysingar på Davik.

Bremanger Kommune skal frå hausten 2019 starte opp med Legevaktspilot. Sjukepleiarane ved Svelgen Omsorgssenter vil verte ein del av den, men det er opna opp for at sjukepleiarane i heimesjukepleien på sikt også kan verte med i piloten.

Vi arbeider i årsturnus med arbeid kvar tredje helg. Dei tilsette har ein stor moglegheit til å kunne påverke arbeids –og fritida si, ved å kome med ønsker i forkant av turnusskrivinga.

Vi har fleire ressursteam, som ein kan fordjupe seg i. M.a. demens, palliativ omsorg, kreft, rehabilitering m.m. Vi har òg innført Kvardagsrehabilitering,. 

 Du som blir tilsett må

  • ha offentleg godkjenning som sjukepleiar
  • nytte norsk munnleg og skriftleg godt
  • like å arbeide i team
  • vere innstilt på endringar
  • legge fram politiattest av nyare dato
  • ha førarkort klasse B 

Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode medarbeidarar! 

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om deg som søkjar bli offentliggjort, sjølv om du ikkje ønskjer å stå på søkjarlista. 

Dersom du ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må  du grunngje dette særskilt i eige dokument sendt tilpost@bremanger.kommune.no eller Bremanger kommune, pb 104, 6723 Svelgen.

Alle som søkjer på ledige stillingar i Bremanger kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!