14/05/2019

Næringssjef

  • Kvinnherad kommune
  • Kvinnherad, Norge
Administrasjon - Økonomi Ledelse Samfunnsutvikling

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 29.05.2019

Omtale av stillinga

Vi søkjer medarbeidar for snarleg tilsetting i ny stilling som næringssjef i Kvinnherad kommune.

Prioriterte arbeidsfelt ved tilsetting vil vere:
" Fagleg og økonomisk leiing av kommunen sitt arbeid med næringsutvikling
" Gje råd til politisk og administrativ leiing i næringslivsspørsmål
" Vera kontaktledd mellom kommune og næringsliv, og vidareutvikla samarbeidet
" Vere guide og ombod for etablerarar og næringsaktørar
" Vidareutvikla kommunen sin strategiske næringsplan
" Vera saksbehandlar i saker knytt til næring
" Ha generelle oppgåver knytt til arbeidsfeltet

Den som vert tilsett må vere fleksibel og førebudd på å ta del i andre oppgåver enn dei som er skissert. Innhaldet i stillinga og organisering av arbeidsoppgåvene vil kunne endra seg over tid avhengig av kommunen sine samla behov. Fagområdet er i kontinuerleg utvikling. Ein må såleis rekne med at oppgåver fell frå og nye kjem til. 

Våre forventningar til søkjar:

- Relevant utdanning på bachelor- eller masternivå
- Relevant arbeidserfaring frå ulike bransjar
- Erfaring med forretningsutvikling, entreprenørskap, sal og marknadsføring
- God forståing for grunnleggjande verksemdstyring
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne i norsk og engelsk
- Gode digitale ferdigheiter
- Gode evner til strategisk tenking
- Dyktig møteleiar og fasilitator
- Høg fagleg integritet
- Førarkort klasse B og tilgang til privatbil
- Kan vise til oppnådde resultat 

Personlege eigenskaper

- Utviklingsorientert og fleksibel
- Evne til å arbeide sjølvstendig og med god produktivitet
- Gode samarbeidsevner
- Initiativrik, ansvarleg og samlande
- Tydeleg og strukturert
- Kundeorientert, hjelpevillig, diplomatisk og balansert tålmodig/utålmodig
- God på relasjonsbygging
- Solid dømekraft og god rolleforståing
- Samfunnsengasjert

Vi tilbyr

Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.

Søknad vert å senda

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

Kontakter

Navn: Ragnhild Bjerkvik
Tittel: Kommunedirektør
E-post: ragnhild.bjerkvik@kvinnherad.kommune.no 
Mobil: 99276690
Arbeid: 53483100
 

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå