13/05/2019

Rådgjevar for profesjonell kultur

  • Ålesund kommune
  • Ålesund, Norge
Kultur - Bibliotek Rådgiver - Konsulent

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 05.06.2019

100 % fast stilling ledig for oppstart etter avtale. 

Vi har ledig ei stilling som rådgjevar for profesjonell kultur i verksemd Kultur. Vi har rett og slett behov for ein kultururbanist, og søker deg som har mot og lyst til å ta fatt på denne oppgåva. 

Ålesund kommune og virksomhet kultur sitt mål, er at Ålesund skal være det kulturelle tyngdepunktet mellom Trondheim og Bergen! Kulturlivet i Ålesund er inne i ei spanande og positiv utvikling, samtidig som innbyggjarane sin bruk av kulturtilboda auker kraftig frå år til år. 
Virksomhet kultur forvaltar kommunens tilretteleggaransvar innanfor allmenn kultur, kulturtiltak for spesielle grupper, ungdoms-, idretts- og friluftsaktivitet, kulturhusdrift, bibliotek og koordinering av kulturminnevern. 

Ålesund kommune opprettar no ei stilling som rådgjevar for profesjonell kultur som skal arbeide målretta med den profesjonelle delen av kulturlivet, kultur som næring og kunst i offentlege rom. Dette er viktige område for å utvikle trivsel, lokal identitet og bymessige (urbane) kvalitetar som i sin tur skapar attraktivitet. 

01.01.2020 vil Ålesund kommune slå seg saman med Haram, Sandøy, Skodje og Ørskog kommune. Stillinga vil då inngå som ein del av staben kultursupport, med kontorarbeidsplass i Ålesund rådhus.

Arbeidsoppgåver

• Oppgåver for stillinga vil mellom anna være å initiere møteplassar og koordinere samarbeid med kulturinstitusjonane og det profesjonelle kulturlivet, fremme kultur som næring og kunst i offentlege rom.

Kvalifikasjonar

• Relevant høgskuleutdanning (relevant erfaring kan erstatte utdanningskravet). 
• Erfaring frå frå utviklingsarbeid og prosessleiing. 
• Gode relasjons- og kommunikasjonseigenskapar. 
• Erfaring frå det profesjonelle kulturlivet. 
• Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som 
• Arbeider målretta og strategisk. 
• Er kreativ og sjølvstendig. 
• Har gjennomføringsevne og kan vise til oppnådde resultat. 
• Er lagspelar med evne til å inspirere andre. 

Personlig egnethet vil bli vektlagd.

Vi tilbyr

• Varierte og utfordrende arbeidsoppgåver. 
• Gode pensjons- og forsikringsordninger. 
• Løn etter avtale.

Kontaktinfo:

Oskar Skulstad
Kultursjef
926 03 701

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå