14/05/2019

Lærar, for tida ved Davik og Kolset oppvekst

  • Bremanger kommune
  • Bremanger, Norge
Undervisning - Pedagogikk

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 26.05.2019

Vi har ledig to lærarstillingar i 100 %, for tida ved Davik og Kolset oppvekst.

Kolset oppvekst er ein 1-7-skule som ligg i naturskjønne omgjevnader rett under Nord-Europas høgaste sjøklippe.

Davik oppvekst er ein 1-10-skule som ligg ved Nordfjord, mellom høge fjell.

Begge skulane vert frå hausten 2019 administrert under ein driftssjef og ligg med 20 minutts avstand frå kvarandre.

Vi ønskjer primært lærarar med brei samansett fagkompetanse, men vi oppmodar alle med pedagogisk utdanning om å søkje.

Den som vert tilsett må i tillegg til faglege kunnskapar:

• Ha gode samarbeidsevner
• Vere tydeleg og motivert leiar i klasserommet
• Vere engasjert til det beste for elevane

Du må ha gode norskkunnskapar. 

Bremanger kommune kan tilby: 

  • Nyutdanna og nytilsette lærarar i kommunen får 25 000 over minstelønn.
  • God pensjonsørdning og heildøgns forsikring
  • Tilsetjing etter gjeldande lover og reglar
  • Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i eige dokument sendt tilpost@bremanger.kommune.no eller Bremanger kommune, pb 104, 6723 Svelgen.  

Alle søkjarar til ledig stilling i Bremanger kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

Kontaktpersonar:
Helge Bakke 
mob: 95985264

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå