10/05/2019

Seksjonsleiar - bu-og miljøtenesta

  • Askvoll kommune
  • Askvoll, Norge
Helse - Sosial - Omsorg Ledelse

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 25.05.2019

100% fast stilling som seksjonsleiar.

Vår erfarne seksjonsleiar innan Bu- og miljøtenesta har fått 1 års permisjon, og vi søkjer no etter hennar vikar for 1 års tid.                                 

Seksjonsleiar har ansvar for Aktivitetssenteret, butilbod ved Høgda, div. tiltak i heim, koordinatoransvar, sosialkonsulent med; BPA, omsorgsløn m.m.
 

Stillinga er administrativ, arbeid etter 37,5 t/veke og har kontorfellesskap med 3 andre seksjonsleiarar.
 

Arbeidsoppgåver:

  • Dagleg drift av seksjonen etter oppsette mål og rammer
  • Budsjett- og personalansvar
  • Sakshandsaming
  • Turnuarbeid
  • Koordinatoransvar
  • Møteverksemd
  • Internkontroll
  • Samarbeid og samhandling med andre seksjonar og fagrupper i 1. og 2. linetenesta

Kvalifikasjonar:

  • Relevant helsefagleg utdanning - autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Vidareutdanning innan leiing og administrasjon, eller vere villig til å ta slik utdanning
  • Leiarerfaring er sterkt ynskjeleg
  • Gode datakunnskapar og kjennskap til turnusarbeid
  • Gode norskunnskapar både muntleg og skriftleg

Personlege eigenskapar:

  • Vi ynskjer ein person som er tydeleg og har evne til å leie andre
  • Gode kommunikasjonsevner er særs viktig
  • Ryddigheit og kunne arbeide effektivt er viktige eigenskapar i eit hektisk miljø
  • Vidare legg vi vekt på ei løysningsorientert innstilling, evne til initiativ samt evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
  • Godt humør og positiv innstilling er andre ønskelige egenskaper.

Vi tilbyr: 

  • Sjølvstendig stilling
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver, høve til personleg utvikling
  • Eit positivt og uformelt arbeidsmiljø
  • Offentleg forsikring og pensjonsordning (KLP)
  • Løn etter avtale
  • Flyttegodtgjersle , jf. personalhandbok for Askvoll kommune
  • Askvoll kommune vil vere hjelpsame med å skaffe bustad 

Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing. 

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande.

Ansettelsesform

Vikariat  

Søk nå