10/05/2019

Seksjonsleiar sjukeheim

  • Askvoll kommune
  • Askvoll, Norge
Helse - Sosial - Omsorg Ledelse

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 25.05.2019

100% fast stilling som seksjonsleiar

Vår erfarne seksjonsleiar har tenkt å pensjonere seg etter mange år som leiar i Askvoll kommune. Vi søkjer no etter ein person som skal leie den eine av 2 seksjonar ved sjukeheimen i Askvoll. Seksjonen består av 3 pleiedelar;  Smia - Fløyen og Omsorg 2, som er langtidsplassar, korttidsplassar, bufellesskap og omsorgsbustadar. Reinhald og vaskeri er også ein viktig del av seksjonen. Stillinga er administrativ, arbeid etter 37,5 t/veke og har kontorfellesskap med 3 andre seksjonsleiarar. 

Arbeidsoppgåver:

  • Dagleg drift av seksjonen etter oppsette mål og rammer
  • Budsjett- og personalansvar
  • Sakshandsaming
  • Turnuarbeid
  • Møteverksemd
  • Internkontroll
  • Samarbeid og samhandling med andre seksjonar og fagrupper i 1. og 2. linetenesta

Kvalifikasjonar:

  • Relevant helsefagleg utdanning - autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Vidareutdanning innan leiing og administrasjon, eller vere villig til å ta slik utdanning
  • Leiarerfaring er sterkt ynskjeleg
  • Gode datakunnskapar og kjennskap til turnusarbeid
  • Gode norskkunnskaper både muntleg og skriftleg

Personlege eigenskapar:

  • Vi ynskjer ein person som er tydeleg og har evne til å leie andre
  • Gode kommunikasjonsevner er særs viktig
  • Ryddigheit og kunne arbeide effektivt er viktige eigenskapar i eit hektisk miljø
  • Vidare legg vi vekt på ei løysningsorientert innstilling, evne til initiativ samt evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
  • Godt humør og positiv innstilling er andre ynskjelege eigenskapar

Vi tilbyr: 

  • Sjølvstendig stilling
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver, høve til personleg utvikling
  • Eit positivt og uformelt arbeidsmiljø
  • Offentleg forsikring og pensjonsordning (KLP)
  • Løn etter avtale
  • Flyttegodtgjersle , jf. personalhandbok for Askvoll kommune
  • Askvoll kommune vil vere hjelpsame med å skaffe bustad 

Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing. 

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande.

Kontaktpersonar:

Stein Helle
tlf: +47 57734507
mob: +47 99034807

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå