10/05/2019

Psykolog / psykologspesialist

  • Askvoll kommune
  • Askvoll, Norge
Psykologi

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 01.06.2019

Askvoll kommune og Fjaler kommune har ledig 100% fast stilling som psykolog/psykologspesialist

Kommunane Askvoll og Fjaler søkjer etter psykolog/psykologspesialist. Med bakgrunn i lov om kommunale helse- og omsorgstenester har kommunane ansvar for utgreiing, diagnostisering og behandling av lettare og moderate psykiske lidingar. Helsedirektoratet krev at stillinga vert utforma slik at psykologen sine oppgåver omfattar både individretta og befolkningsretta arbeid. Tilbudet skal være lett tilgjengelig, gratis og utan henvisning. Tverrfagleg samarbeid, veiledning og gjensidig kompetanseutvikling skal stå sentralt i psykologen sitt arbeid. Helsedirektoratet legg til rette for nettverkssamlingar for kommunepsykologar i 2019

Psykologstillinga vil ha eit nært samarbeid med fastlegane, psykisk helseteneste, helsestasjon, barnevern og PPT, samt andre samarbeidspartnarar i kommunane.

Arbeidsoppgåver:

  • Klinisk arbeid;  Identifisere risikofaktorer for å redusere psykiske helseplager, og iverksetje befolkningsretta og individuelle tiltak
  • Helsefremjande og forebyggande arbeid
  • Tett tverrfagleg integrert samarbeid
  • Tenesteretta arbeid: Rettleiing  og fagstøtte til ulike profesjonsgrupper i kommunane
  • Deltaking i system og  planarbeid og fagutvikling

Kvalifikasjonar:

  • Offentlig godkjenning / autorisasjon som psykolog / psykologspesialist
  • Engasjement for tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid
  • Relevant kompetanse og / eller erfaring med tidleg intervensjon, forebygging og helsefremjande arbeid knytt til psykisk helse og rus 
  • Gode samarbeidsevne og evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig
  • God muntleg og og skriftleg framstillingsevne
  • Må ha sertifikat klasse B og kunne disponere bil

Vi tilbyr:

  • Spesialisering for psykolog som ynskjer dette
  • Spennande stilling der du er med på å vidareutvikle det førebyggande arbeidet og  tenestetilbodet til målgruppa
  • Kompetente medarbeidarar i eit aktivt og engasjerande miljø
  • Rettleiing og tett samarbeid  med PPT og Helse Førde
  • Stor grad av autonomi med omsyn til arbeidsoppgåver
  • Deltaking i nettverkssamlingar og andre aktivitetar i regi av Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA)
  • Løn etter avtale og gjeldane regelverk
  • God pensjonsordning i KLP
  • Flyttegodtgjersle etter gjeldane personalhandbok  

* Det kan vere aktuellt med tidlegare tiltreding enn 01.01.20 

Kommunane har nynorsk som administrasjonsmål.

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaringar.

Politiattest må kunne leggast fram før tilsetjing.

Kontaktperson:                                                                                                                                                                         

Nærare opplysningar om stillinga får du hos Stein Helle, kommunalsjef helse og omsorg Askvoll kommune, tlf : 57734507/99 03 48 07, e-post : stein.helle@askvoll.kommune.no 

Søknadsfrist:  1. juni 2019

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå