10/05/2019

Avdelingsleiar for naturbruk, Mo og Øyrane vidaregåande skule

  • Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Førde, Sogn og Fjordane, Norge
Jordbruk - Skogbruk - Fiske Ledelse Undervisning - Pedagogikk

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 25.05.2019

Midt i Sogn og Fjordane i Førde kommune ligg Mo og Øyrane vidaregåande skule. Skulen er geografisk todelt, Mo som ligg 11 km frå Førde sentrum og Øyrane som er plassert i Førde sentrum. Totalt har skulen om lag 180 tilsette og 480 elevar fordelt på 38 klassar. Skulen tilbyr utdanningsprogramma: Bygg- og anleggsteknikk, Elektrofag, Service og samferdsle, Helse- og oppvekstfag, Restaurant- og matfag, Teknikk og industriell produksjon og Naturbruk. I tillegg har skulen pedagogisk ansvar ved ulike sosiale og medisinske institusjonar i Førde og ansvar for Oppfølgingstenesta i Indre Sunnfjord. Skulestad Mo har internat med plass til 80 elevar.

For meir informasjon gå til skulen si heimeside http://www.moy.vgs.no/     

Om stillingen:

Frå 01.09.19 har skulen ledig stilling som avdelingsleiar for naturbruk

Oppgåver og ansvar

Avdelingsleiar skal:

  • sikre god drift av skulegarden og dei enkelte klassane i samarbeid med driftspersonale, kontaktlærarar og faglærarar.
  • i lag med sine medarbeidarar kunne omsetje skulen sine utviklingsmål i praktisk handling.
  • Stillinga har delt personal- og budsjettansvar for avdelinga og skulegarden, i tillegg til noko undervisning.
  • Avdelingsleiaren er ein del av skulen si leiargruppe som er samansett av rektor, administrativ leiar, pedagogisk leiar og fem avdelingsleiarar

Kvalifikasjonar

  • landbruksfagleg utdanning på høgskulenivå
  • pedagogisk utdanning
  • leiarutdanning og/eller leiarerfaring er ei føremon.

Vi ynskjer ein person som:

  • framstår som ein motiverande og samlande leiar for avdelinga og samtidig setje krav til den enkelte medarbeidar har evne til å arbeide ryddig og strukturert
  • kan leia i samsvar med sentrale og lokale målsetingar

Personleg eigenskapar vil bli vektlagt

For stillinga gjeld

  • Løn etter avtale
  • Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår
  • Hjelp til å skaffe bustad og flytteutgifter vert dekka etter gjeldande reglar
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår
  • 6 månaders prøvetid

Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato, jf. Opplæringslova §10-9.

Nærare opplysningar

Kontaktpersonar: Liv Horvei, rektor, liv.horvei@sfj.no, tlf: 480 08 357 eller Ole Johan Norddal, avdelingsleiar NA, ole.johan.norddal@sfj.no, tlf: 57 63 71 53 / 952 44 041

Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk via link på www.sfj.no Ledige stillingar.

Vitnemål og attestar skal leggast fram ved eventuelt intervju.

Søknadsfrist: 25.mai 2019

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå