10/05/2019

PP-rådgjevarar/Psykologar - PPT

  • Ålesund kommune
  • Ålesund, Norge
PP-tjeneste Psykologi

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 02.06.2019

PPT nye Ålesund skal tilsette fleire Ped-psyk. rådgjevarar (stk. 5040)/Rådgjevar (stk. 5400), og Psykologspesialist/Psykolog (stk. 8470) i 100 % faste stillingar/årsvikariat og engasjement på områda barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring. 

PPT for nye Ålesund kommune blir ei av dei store PP-tenestene i Noreg. Kontoret har allereie meir enn 35 høgt kompetente medarbeidarar med master eller høgare grad innan pedagogikk, psykologi, spesialpedagogikk og andre relevante fagområde. Vi lyser no ut fleire faste stillingar, årsvikariat og engasjement. Ålesund kommune ligg vakkert til mellom Bergen og Trondheim, og frå januar 2020 vert dette ei ny kommune der fem kommunar slår seg saman. Ålesund PPT vil då ha to kontorstader og skal dekkje eit stort geografisk område med meir enn 60 barnehagar, 36 skular og 6 vidaregåande skular. 

Tenesta sine arbeidsoppgåver er heimla i Barnehageloven §19 c og Opplæringslova §5.6. PPT skal hjelpe skulane og barnehagane i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for born/elevar med særlege behov og sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det. 

Vi søkjer etter kandidatar til alle område PPT skal yte tenester til: barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring. Arbeidet vil i hovudsak vere knytt til born og unge si utvikling og læring, saman med arbeid knytt til kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å legge barnehage- og skuletilbodet betre til rette for barn med særlige behov. Arbeidet vil gå føre seg ute i barnehagar, skular, vaksenopplæring og vidaregåande opplæring i møte med og i tett samarbeid med born/elevar, foreldre og personale. Det vert stilt krav til den som skal tilsetjast om gode evner til samarbeid og også til å kunne arbeide sjølvstendig og målretta, med tidvis høgt arbeidspress. 

PP-tenesta er pr. i dag og organisert i fire team med fagleiarar på områda barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring og læringsmiljø med til saman 41 stillingar frå 2020. I tillegg kjem merkantil stab, assisterande verksemdsleiar og verksemdsleiar. 

Tenesta arbeider etter verdiar og mål for Nye Ålesund kommune. 
Særleg for psykologar i tenesta: 
Psykologar i tenesta er rådgjevande i psykologfaglege spørsmål for fagpersonellet i PPT. Det vil, innanfor ei avgrensa tidsramme, bli gitt høve til å arbeide psykologfagleg i form av korttidsbehandling. I tenesta er det er psykologfagleg forum med faste møte. 

Verksemda er lokalisert i kontorlokale på Sjøholt og i Ålesund rådhus. Det blir stilt krav om at den tilsette kan nytte eigen bil i arbeidet. Arbeidsgjevar gir tilgang til parkering og dekkjer utgifter etter statlege satsar. PPT i Nye Ålesund skal yte tenester til det som no er kommunane Sandøy, Haram, Skodje, Ørskog og Ålesund.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene er i hovudsak knytt til sakkunnig arbeid, utviklingsarbeid saman med barnehagar og skular for å fremje gode og likeverdige utviklings- og opplæringstilbod for alle born; førebygging, tidleg innsats, trygt og godt læringsmiljø samt i overgangar mellom barnehage og skule, og mellom skuleslag.
  • Ein stor del av oppgåvene er knytt til det å utvikle gode individuelle tiltak innanfor ramma av barnehagefellesskapet og klassefellesskapet. Dialog med føresette, barnehage eller skule, samt rettleiing inngår naturleg i prosessen.
  • Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal syte for at det blir utarbeidd lovpålagde sakkunnige vurderingar og hjelpe barnehage og skule i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling for å tilrettelegge eit likeverdig tilbod for born med særlege behov.

Kvalifikasjonar

  • Ped.psyk rådgjevarar/rådgjevarar med mastergrad innan tenesta sine fagområde og/eller solid bakgrunn, erfaring og kompetanse frå barnehage eller skuleområdet.
  • Psykologspesialist/psykolog med erfaring knytt til arbeid med barn og unge i barnehage, skule og vidaregåande opplæring.
  • Søkjarar med gode referansar og rett utdanningsnivå blir prioriterte dersom vedkomande i tillegg kan syne til solid realkompetanse frå barnehage eller skuleområdet, samarbeidsevne og er personleg eigna for stillingane.
  • Søkjar må ha utdanning frå universitet/ høgskule innan fagområda barnehagepedagogikk, spesialpedagogikk/ pedagogikk/ psykologi/ pedagogisk-psykologisk rådgjeving, rådgjeving eller utdanning knytt til organisasjons og utviklingsarbeid.
  • Søkjarar må kunne syne til realkompetanse frå barnehage eller skule, samt gode evner i norsk munnleg språk og skriftleg framstilling.
  • Det er ynskjeleg med testteoretisk kompetanse.
  • Ein må ved tilsetjing vere villig til å gå inn i etter/vidareutdanningsprogram i tråd med tenesta sine behov.

Personlege eigenskapar

  • PPT ynskjer å rekruttere utviklings- og samarbeidsorienterte medarbeidarar som har erfaring frå teamarbeid og som har god kommunikativ kompetanse.
  • Søkjarar må oppgje referansar og kunne syne til erfaring fra liknande arbeidsoppgåver.
  • Om søkjaren er personleg eigna og har god arbeidskapasitet vil bli grundig vurdert.

Vi tilbyr

  • Variert og spanande arbeid i ei stabil, kompetent og erfaren faggruppe.
  • Etablerte rutinar for etter- og vidareutdanning i tråd med pålagte oppgåver, samt intern opplæring og rettleiing i arbeidet.
  • Konkurransedyktig løn etter avtale.

Kontaktinfo:

Solfrid Stavdal
70 16 59 61 / 412 98 311

Svein Ola Lillestøl
Virksomhetsleder
70 16 25 01/ 950 84 371

Ansettelsesform

Fast,   Vikariat,   Engasjement  

Søk nå