12/04/2019

Leiande miljøterapeut - fast 100 % - Habiliteringstenesta

  • Bømlo kommune
  • Bømlo, Norge
Helse - Sosial - Omsorg Ledelse

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 30.04.2019

Habiliteringstenesta, pt. Askebærhaugen burettslag, har ledig fast 100% stilling for leiande miljøterapeut med tiltreding etter avtale. Alternativ turnus med lange vakter. Ved internt opprykk vert det mogleg for tilbod om terapeutstilling.

Habiliteringstenesta i Bømlo kommune gjer tilbod til personar med utviklingshemming og behov for omfattande og langvarige tenester. Me er 116 årsverk som yt heildøgns tenester til 45 personar i 9 bufellesskap/burettslag, pluss dagtilbod. Me har behov for positive og fleksible medarbeidarar. 

Arbeidsoppgåver: 

• Utarbeide, setje i verk og evaluere tiltak og prosedyrar kring enkeltbrukara og fagleg rettleiing av kollegaer med fokus på målretta miljøarbeid.
• Yta praktisk bistand og rettleiing i dei daglege gjeremåla samt legge til rette for miljø som gjev høve til god livskvalitet og personleg vekst hos den einskilde brukar.
• Internt samarbeid i tenesta, samarbeid med 1. og 2. linjetenesta, verje/pårørande.
• Journalføring og arbeid opp mot gjeldane lovverk.
• I samarbeid med gruppeleiar koordinere den daglege drift på bustad.
• Stillinga rapporterar til gruppeleiar. 

Kvalifikasjonar:

• 3 årig helse og sosialfagleg utdanning på bachelor nivå. 
• Erfaring med målretta miljøarbeid og personar med utviklingshemming.
• God norskkunnskap, både skriftleg og munnleg.
• Kunnskap om Helse og omsorgstenestelova kap 9.
• Personleg eignaheit og praktiske ferdigheter vert vektlagt.
• Sertifikat kl. B 

Personlege eigenskapar:

• Me søkjer deg som er utåtvent, imøtekommande, venleg og serviceinnstilt.
• Du har arbeidslyst, er målretta, lojal og ansvarsfull.
• Du visar respekt for andre og ser mogelegheiter framfor avgrensingar.
• Du er kreativ og bidreg til økt kompetanse og godt arbeidsmiljø ved å gje positiv og konstruktiv tilbakemelding og rettleiing.
• Du er sjølvstendig men arbeider og godt i team. 

Me tilbyr:

• Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
• Eit levande fagmiljø med gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling saman med dyktige og trivelige arbeidskollegaer 

Andre opplysningar:

• Det er krav om gyldig politiattest for teneste hjå personar med utviklingshemming.
• Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju.
• Ved innsending av elektronisk søknad vert kvittering å rekna som stadfesting av at søknad er motteke.
 
Kontaktperson: Gruppeleiar Sølvi Meling Tulloch – 970 30 619

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå