12/04/2019

Einingsleiar Pleie- og omsorgstenester område Stryn, 100% fast stilling

  • Stryn kommune
  • Stryn, Norge
Helse - Sosial - Omsorg Ledelse

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 03.05.2019

Er du ein strategisk og samlande leiar som vil vere med å utvikle pleie- og omsorgstenestene i Stryn kommune? Pleie- og omsorgstenestene våre er delt i inn i to geografiste områder; Stryn og Vikane. Vi har ledig einingsleiarstilling for område Stryn frå 01.09.19.

Eining pleie- og omsorgstenester Stryn omfattar 2 institusjonsavdelingar, 2 avdelingar med heildøgnsbemanna omsorgsbustadar, heimesjukepleieteneste, praktisk bistand i heimane, kjøkkendrift og dagsenter. Det er 6 avdelingsleiar i eininga. Einingsleiar har det overordna ansvaret for personal, budsjett og tenesteproduksjon, her under beredskapsarbeid og internkontroll.

Einingsleiar har kontorplass ved Stryn omsorgssenter. 

Kvalifikasjonskrav:

  • Relevant utdanning på høgskule og/eller universitetsnivå

  • Leiarutdanning/erfaring vil bli vektlagt

  • Relevant erfaring frå drift av større organisasjonar/verksemder samt forståing og interesse for fagområdet pleie og omsorg

Du må ha:

  • God rolle-, system og organisasjonsforståing

  • Oppdatert kunnskap om nasjonale mål og relevant lov- og avtaleverk

  • God forståing for økonomi- og budsjettarbeid

  • God forståing av systematisk forbetringsarbeid

Dine personlege føresetnadar tilseier at du kan:

  • Engasjere og motivere dei tilsette i området til å yte gode tenester med optimal kvalitet

  • Ta initiativ og initiere faglig utvikling i eininga

  • Utvikle tenestene i tråd med nasjonale og lokale planar og strategiar

  • Tileigne deg nyttig erfarings- og forskningsbasert kunnskap og kunne vidareføre i eit heilskapleg utviklingsperspektiv

  • Leie eininga gjennom endringsprosessar

  • Samarbeide på tvers av avdelingar og områder for utvikling i tenestetilbodet

Vi kan tilby:

  • Løn etter avtale

  • Spennande, mangfaldige og utfordrande arbeidsoppgåver

  • Kompetente kollegaer i godt arbeidsmiljø

  • Gode pensjonsordningar

 For stillinga gjeld:

  • Tilsetting etter gjedande lover, tariffavtale og reglement

  • Den som vert tilsett må legge fram helseattest av ny dato 

Kopi av rettkjende attestar og vitnemål kan alternativt sendast pr post (vil ikkje bli returnert)  

Søkjarane er som hovudregel offentlege og det er strenge kriterie for å bli unnateke, jf.  offentleglova §25. Dersom du ønskjer å reservere deg frå offentleg søkjarliste må du grunngje det i søknaden.

Kontaktpersonar:

Heidi Vederhus
mob: 41922889

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå