12/04/2019

Avdelingsleiar - Psykisk helse og rus

  • Stord kommune
  • Stord, Norge
Helse - Sosial - Omsorg Ledelse

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 03.05.2019

ID 1507

Det er ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar frå snarast/ etter avtale med einingsleiar.

Avdelinga er delt inn i fleire arbeidslag, og som avdelingsleiar for avdeling bufellesskap i eining for psykisk helse og rus vil du ha ansvar for fleire bufellesskap.  

Me søkjer etter leiar som har

  • Leiarerfaring, kompetanse innan leiing
  • Høgskuleutdanning med vidareutdanning innan rus og/eller psykisk helsearbeid. Anna relevant vidareutdanning kan bli vurdert
  • Erfaring med arbeid innan rus / psykisk helse feltet
  • Gode samarbeidsevner
  • Kommuniserer tydelig, arbeidar strukturert og sjølvstendig, sett klare mål, og fylg opp.
  • Er open, raus, fleksibel, lojal, positiv, initiativrik, og etisk reflektert

Arbeidsoppgåvene vil omfatte

  • Leiing og koordinering av dagleg drift, og tilsette i avdelinga
  • Motivere og rettleie personale, medverke til utvikling og eit godt arbeidsmiljø
  • Fagansvar
  • Tett samarbeid/koordinering med andre tenester
  • Utviklingsarbeid
  • Delta aktivt i eininga si leiargruppe, og ta felles ansvar for eininga si utvikling - fagleg, økonomisk og personell messig
  • Fylgje opp eininga sine målsetjingar

Personlege kvalifikasjonar vert sterkt vektlagt.

Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk.

Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Søkjar må ha sertifikat.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje

Kontaktperson: Einingsleiar Diana Bergeland, tlf.53 49 66 61  / 95243278

Søknadsfrist: 03.05.2019

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå