
Vil du vera med å skapa eit trygt og inkluderande læringsmiljø på Tu SFO?
SFO på Tu skule søkjer etter to engasjerte og fagleg trygge fagarbeidarar i 50 % fast stilling.
Om Tu skule/SFO
Tu skule har 200 elevar fordelt på 1.-7. trinn og 38 tilsette. På SFO er det ca. 80 born og 8 tilsette i tillegg til lærling. Skule og SFO har moderne og funksjonelle lokale som legg til rette for leik, læring og utvikling. Me er ein PALS-skule, noko som betyr at me har særleg fokus på positiv samhandling, førebygging og eit støttande læringsmiljø.
Som barne- og ungdomsarbeidar på SFO vil du ha ei sentral rolle i å leggja til rette for ulike aktivitetar på SFO. Me er særleg interessert i personar med erfaring og interesse innan friluftsliv. Friluftsliv er eit satsingsområde for Tu SFO.
Er du ein trygg vaksen, glad i born og vil gjera ein forskjell for borna på Tu SFO, er du velkomen til å søkja.
Arbeidsoppgåver
- Gje omsorg og skapa trivsel.
- Leia aktivitetar for grupper av born (leik, song, dans, friluftsliv, turar, lesing, kunst og handverk, skaparverkstad osv.)
- Tilretteleggja for eit trygt og godt miljø for alle borna.
- Byggja gode relasjonar med borna og hjelpa borna i å byggja relasjonar med kvarandre.
- Bidra i planlegging av innhald i SFO i tråd med rammeplanen for SFO.
- Daglege rutinar (måltid, inn og ut-sjekk, rydding).
- Delta i utviklingsarbeid og samarbeid med kollega.
- Samarbeid med føresette.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Anna kompetanse kan vera aktuelt.
- Erfaring frå arbeid med born og unge.
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg, minimum B2.
- I tråd med Opplæringslova er tilfredstillande politiattest ei forutsetning for tilsetting.
Personlege eigenskapar
- Positivt syn på born og inkludering.
- Tålmodig og omsorgsfull.
- Evne til å byggja gode relasjonar til både elevar og vaksne.
- Autoritativ vaksenstil.
- Positiv, engasjert og reflektert.
- Du må lika å vera ute og gjerne interesse for friluftsliv.
- Bidra med arbeidsglede, humor og positiv energi i arbeidsmiljøet.
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Spanande og varierte arbeidsoppgåver.
- Eit godt arbeidsmiljø.
- 50 timars kurs innan friluftsliv.
Lønns og arbeidsvilkår i samsvar med med gjeldande lover, reglar og avtalar.
Kontaktinformasjon
Vibeke Sola
Rektor
Telefon: +47 40288726
Om Klepp kommune
Klepp kommune ligg midt på Jæren, 25 km sør for Stavanger. Landskap og natur er prega av jordbrukslandskap, mildt kystklima og lange flotte sandstrender. Tinghaug er høgste staden i og ligg 102 m.o.h. Jordbruk, industri, privat og offentleg tenesteyting er hovudnæringar i kommunen som har omlag 19200 innbyggjarar. Me har eit rikt organisasjons- og kulturliv. Kommunen sitt administrasjons- og handelssentrum er Kleppe. Andre tettstader er Verdalen, Orstad, Klepp st, Kåsen, Pollestad og Voll. Stavanger Lufthavn, Sola ligg få kilometer nord for kommunegrensa og Jærbanen går gjennom den austre delen av kommunen.