
Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark med 2240 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler. Kommunen har mange mindre matprodusentar som i stor grad nyttar utmarksbeite i våre flotte fjell- og heiområder.
LÆRAR I KULTURSKULEN
Tokke Kulturskule har ledige stillingar, mogleg fast og vikariat frå 01.08.26 til 31.07.27
Danselærar: I stillinga ligg ansvar for undervisning i dans i grupper, 20% vikariat. Kan eventuelt kombinerast med drama.
Visuell kunst: I stillinga ligg ansvaret for undervisning i visuell kunst og digitale uttrykk. 20%
Stillingane kan kombinerast eller delast opp på ulike måtar ved kompetanse på fleire felt. Vi er opne for å opprette nye tilbod ved gode alternative kvalifikasjonar hjå søkar.
Tokke kommune ligg i Vest-Telemark, midt mellom aust- og vestlandet. Kommunen har 2160 innbyggjarar og eit areal på 980 km2. Det er om lag 3,5 timar køyring til Oslo og 2 timar til fylkeshovudstaden Skien. Kommunehuset er lokalisert på Dalen, i nærleiken av det historiske Dalen Hotel og Telemarkskanalen.
Me er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har eitt av sine to regionkontor i kommunen. I Tokke ligg òg Vest-Telemark vidaregåande skule.
Tokke har eit aktivt kulturliv med mange frivillige lag som nyttar kulturhus, grendehus og idrettsanlegg. Den siste flotte innsats som vi har i Tokke er eit kunstverk av ei badstoga, Soria Moria, blinkande som eit smykke i Bandak.