
Tokke kommune har ledige lærarstillingar, vikariat og mogleg fast, frå 01.08.26.
To av stillingane er vikariat fram til desember 2026 (Tokke skule)
* Godkjent lærarutdanning. Me oppmodar særskilt lærarar med ein brei fagkompetanse til å søkje.
* Varm og tydeleg klasseleiar.
* God digital dugleik.
Tokke skule: 1- 10 skule med 159 elevar og om lag 23 årsverk for pedagogisk personale.
Det er ynskjeleg med undervisningskompetanse i:
* Kompetanse og erfaring med undervisning i 1. – 10. klasse, samt kontaktlærar frå 5. til 10. klasse.
* Særskilde fagynskje; Tysk og musikk.
Ynskjer du meir informasjon kan du ta kontakt med rektor, Mona S Seltveit på e-post: mona.seltveit@tokke.kommune.no eller mob. 916 99 148
Høydalsmo skule: 1-10 skule med 60 elevar og om lag 13 årsverk for pedagogisk personale. Det er ynskjeleg med undervisningskompetanse i: * Kompetanse og erfaring med undervisning i 1. – 10. klasse.
Ynskjer du meir informasjon kan du ta kontakt med rektor, Dordi Didriksen, e-post: dordid@tokke.kommune.no eller mob.: 922 16 608
* Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat.
* Ein spanande og variert kvardag saman med flotte born og dyktige medarbeidarar.
* Eit godt arbeidsmiljø.
* Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Andre opplysningar:
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Blir det fleire ledige stillingar fram til nytt skuleår, vil vi nytte same søkjarliste.
Vi i Tokke kommune er opptekne av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Kontaktinformasjon
Tone Lunde Skaalen
Kommunalsjef Oppvekst
Telefon: +47 97171406
Tokke kommune ligg i Vest-Telemark, midt mellom aust- og vestlandet. Kommunen har 2160 innbyggjarar og eit areal på 980 km2. Det er om lag 3,5 timar køyring til Oslo og 2 timar til fylkeshovudstaden Skien. Kommunehuset er lokalisert på Dalen, i nærleiken av det historiske Dalen Hotel og Telemarkskanalen.
Me er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har eitt av sine to regionkontor i kommunen. I Tokke ligg òg Vest-Telemark vidaregåande skule.
Tokke har eit aktivt kulturliv med mange frivillige lag som nyttar kulturhus, grendehus og idrettsanlegg. Den siste flotte innsats som vi har i Tokke er eit kunstverk av ei badstoga, Soria Moria, blinkande som eit smykke i Bandak.