| Søknadsfrist: |
08.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
08.03.2026
|

Ullenvang kommune ynskjer å tilsetta tilsynslege i prosjekt for å prøve ut 3+3 ordning i eit år. Det er mogleg med fast tilsetting i etterkant av prosjektet.
Stillinga som tilsynslege gjeld for fleire institusjonar i Ullensvang kommune med hovudtyngd på Bokko bo og behandlingssenter, Eide Helsetun i Odda og 1 institusjon til.
ØHD senger inngår og i ansvarsområdet til tilsynslege.
Ansvarsområda for tilsynslegen: somatiske institusjonsplassar, korttidsplassar, rehabilitering, palliasjon, demens og psykiatri.
ØHD; 2 senger lokalisert ved Helse Fonna sitt sjukehus i Odda
Stillinga er under utvikling, og som tilsynslege vil ein vera med på denne prosessen med å bygge opp tilbodet pasientane får når dei er innlagt ved ein av dei kommunale institusjonane. Du deler ansvaret med ein annan tilsynslege.
Vi ynskjer å tilby ei arbeidstidsordning som er 3 veker med jobb og 3 veker fri i 100% stilling.
Det er mogleg å legge til legevakter i ordninga om det er eit ynskje.
Arbeidsoppgåver:Arbeidstidsordning: vi ynskjer å prøve ut ei ordning med 3+3, i rotasjon med 1 tilsynslege i kvar periode.
Vi tilbyr:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk herEin ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.
Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.
Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?