| Søknadsfrist: |
11.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
11.03.2026
|

Vi har ledig ei 80 % fast nattevaktstilling som sjukepleiar i Fjaler Kommune. I denne stillinga vil du jobbe i team saman med to kollegaer i heimetenesta og sjukeheim. Det er ynskjeleg at ein vekslar på å jobbe inne på institusjon og ute i heimetenesta.
Vi har årsturnus på 52 veker med arbeid kvar 3. helg. Arbeidstida er frå klokka 22.00 – 07.15.
Våre tenester vert tilpassa for å møte framtidas behov, og vi har mange spanande oppgåver. Det er oppretta ressursgrupper på tvers av einingane i kommunen innan ulike tema som lindrande behandling - kreft, velferdsteknologi og demens. Dette for å få ytterlegare kompetanse innan dei ulike fagfelta.
Det blir vektlagt om ein er personleg egna for stillinga
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Kontaktpersonar:
Evy Solheim - leiar Fjaler sjukeheim
tlf: +47 57738147
Janne Øksenberg - leiar heimetenestene
tlf: +47 57738154
Vakre Fjaler kommune ligg i Sunnfjord i Vestland fylke, mellom fjord og fjell, om lag tre timar nord for Bergen.
Med vår flotte natur, engasjerte lokalsamfunn og spanane arbeidstilbod, er Fjaler kommune ein stad der livskvalitet står i fokus, og der menneske i alle livsfasar finn tryggleik og trivsel.