| Søknadsfrist: |
11.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
11.03.2026
|

Vil du vere med og skape eit inkluderande og læringsfremjande miljø for barn og unge? Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk PP-rådgjevar til Pedagogisk-psykologisk teneste for Ytre Sogn- og Sunnfjord.
PPT for ytre Sogn og -Sunnfjord er ei interkommunal teneste for kommunane, Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Høyanger og Solund. Fjaler er vertskommune og stillinga medfører arbeid i samtlege av tenesta sine kommunar. Tilsaman har vi 31 skular og barnehagar i kommunane. Kontoret vårt har tilsaman åtte stillingsheimlar. Kontorstad er Dale i Sunnfjord.
Vi legg vekt på at du er personleg egna til stillinga.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Kontaktperson:
Berit Louise Bjørnsen, leiar PPT
mob: +47 95255939
Vakre Fjaler kommune ligg i Sunnfjord i Vestland fylke, mellom fjord og fjell, om lag tre timar nord for Bergen.
Med vår flotte natur, engasjerte lokalsamfunn og spanane arbeidstilbod, er Fjaler kommune ein stad der livskvalitet står i fokus, og der menneske i alle livsfasar finn tryggleik og trivsel.