| Søknadsfrist: |
23.02.2026
|
| Søknadsfrist: |
23.02.2026
|

Nissedal kommune har ein sentralskule (1-10.trinn) i Treungen og eitt oppvekstsenter (barnehage og 1-7.trinn) i Kyrkjebygda. I tillegg til disse to skulane er det det skulefritidsordning (SFO) båe på Felle og Fjone. Skulefritidsordninga (SFO) ved Felle og Fjone er organisert under rektor ved Tveit skule/Nissedal ungdomsskule. Skulane og SFO i Nissedal kommune er opptekne av å gje elevane trygge og gode rammer for å utvikle medborgarskap og allsidig kunnskap. Skulane jobbar målretta for å førebygge mobbing, og førebu elevane til vegen vidare med studie og arbeid, og er difor oppteke av eit tett samarbeid med føresette og andre instansar både offentlege og private. Som arbeidsplass kjenneteiknast skulane og SFO med høg grad av trivsel og lågt sjukefråvær.
Ved Tveit skule og ved skulefritidsordninga (SFO) på Felle, Fjone og Treungen er det ledig opptil 100% vikariat (svangerskapsvikariat) våren 2026.
Oppgåvene ved Fjone, Felle og Treungen SFO handlar om å følgje opp elevane som har plass ved SFO, også elevar med spesielle behov, både fagleg og praktisk før og etter skuledagen. Assistent/fagarbeidar må jobbe tett saman med føresette til det beste for elevane.
Fjone SFO har eit tilbod kvar morgon i vekedagane kl. 7.15 – 8.00. På ettermiddagen er det tilbod om SFO kl. 15.15 - 16.45 måndag, tysdag,torsdag og fredag. Onsdagar er det eit tilbod kl. 13.15-16.45.
Felle SFO har eit tilbod kvar morgon kl. 07.15 – 07.50. På ettermiddagen er det tilbod om SFO måndag, tysdag, torsdag og fredag kl. 15.00 -16.30. På ettermiddagen onsdag er det eit tilbod kl. 13.15 – 16.30.
Ved Tveit skule må fagarbeidar/assistent følge opp elevar i løp av skuledagen, og ved SFO.
Krav til den tilsette:
Det er ønskjeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men ein kan også vurdere anna relevant fagkompetanse og realkompetanse.
Erfaring frå arbeid med barn- og unge vil bli vektlagt.
Vi vil vektlegge:
Relasjonskompetanse, gruppeleiing og om søkjar er personleg skikka for stillinga.
Elevane sitt læringsmiljø avhenger av gode vaksne med kapasitet både på det faglege og det sosiale aspekt. Kapasitet inkluderer i tillegg til utdanning, så vel motivasjon til å gå inn i elevsaker og jobbe etter inkluderande verdiar. Dette vil bli vektlagt i ein tilsettingsprosess.
Tilsettingsvilkår vil fylgje gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement for tilsettingar.
Tariffesta løns- og pensjonsvilkår gjeld for alle stillingane.
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest.
Vi gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25
Marius Vøllestad, Rektor, +47 35048482
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og er ein kommune i vekst. Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle.
Namnet Nissedal kjem frå innsjøen Nisser. Frå gamalnorsk blei Nisser kalla «Niðsær», der fyrste del «Nið» tyder «brusande», medan andre del «sær» tyder «sjø».
Nisser er ein av dei største innsjøane i Telemark og er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura og høgreiste fjell. Den fire mil lange og 250 meter djupe innsjøen inneheld reint, klårt drikkevatn.
Langs Nisser finn ein sjeldsynte hellemålingar, gravhaugar og mange andre minne etter gamal busetjing.
I skogane og heiområda i Nissedal finn ein heile 1750 større og mindre vatn. Det er eit eldorado for dei badeglade, og på Fjone finn ein kilometerlange sandstrender. Her er også gode vilkår for kanopadling, båtsport og fiske i vatna og elvane.
Klimaet er svært bra, og terrenget innbyr til turgåing, sommar som vinter.
Næringslivet i kommunen er variert. Viktige næringar er industri og handverk, handel, reiseliv og turisme og hytteutbygging.
Vi har barnehage i Kyrkjebygda, Fjone, Treungen, Haugsjåsund og på Felle.
I Treungen er det blant anna omsorgssenter, bu- og avlastingsenter, Fleirbrukshus, bibliotek og kino.