| Søknadsfrist: |
31.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
31.01.2026
|

Ønsker du ein spennande og lærerik sommarjobb?
Legetenesta i Kvinnherad kommune skal avvikla ferie i perioden frå veke 25 til veke 34 i 2026.
Vi søkjer sjukepleiarar, sjukepleie- og bioingeniørstudentar og medisinstudentar som har gjennomført 4. år som har lyst på ein spennande sommarjobb i ferieperioden. Vi søkjar deg som kan arbeide i minst fire av desse vekene, gjerne lengre. Det kan vert moglegheit for vidare arbeid utover hausten. Me vil kunne tilby deg ein lærerik og ikkje minst utviklande sommarjobb som vil gi deg nyttig erfaring vidare i yrkeslivet. Me arbeidar heilskapleg med pasienten i fokus og vi har eit nært samarbeid med legane.
Legetenesta i Kvinnherad kommune har fire kontorstader: Halsnøy, Husnes , Rosendal og Hatlestrand, samt legevakt med base på Husnes helsesenter.
Arbeidsoppgåver på helsesenterane:
Hovudoppgåvene på legevakta:
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Det er ønskeleg med opplæring i veke 24, med er mogleg å starta med opplæringsvakter i forkant av arbeidsperioden i samband med Påsken i uke 14.
Søkjarar må vera førebudd på å stilla til intervju. Ta med originale dokument, attestar og identifikasjon ved intervju/frammøte.
Du må gi opp minimum to referansar (namn og kontaktinformasjon) i kompetanseregistreringa.
Vi tilbyr
Tilsetjing
Tilsettinga skjer i samsvar med gjeldande lovar, reglement og avtaleverk. Lønn etter avtale i forhold til utdanning og praksis.
Politiattest må leverast i samsvar med helse- og omsorgstenestelova § 5-4. Politiattest skal ikkje leggast ved søknad, men skaffast etter at tilbod blir gitt, jf. politiregisterforskrifta § 36-1 nummer 3.
Offentligheit
Opplysningar om søkjar kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista, jamfør Offentligheitsloven § 25.
Nærare opplysningar om stillinga, økonomiske vilkår m.m. kan ein få hos:
Avdelingsleiar for Husnes helsesenter/legevakt Monica Helvik Sletten, tlf. 53 46 16 00
Avdelingsleiar for Halsnøy helsesenter Wanda Eliassen Medhus, tlf. 53 46 15 30
Einingsleiar Helse Irina Zimina tlf. 488 94 055, irina.zimina@kvinnherad.kommune.no
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.
Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.