
Søknadsfrist: |
03.08.2025
|
Søknadsfrist: |
03.08.2025
|
Voss herad søkjer miljørettleiar/fagarbeidar med eit stort hjarte for barn og unge. Me legg vekt på at elevane skal møta engasjerte, kompetente og trygge vaksne som kan gje elevane i Voss herad ein god ballast for vegen vidare, og me ser etter deg som ynskjer å arbeida aktivt med å skapa livsmeistring og medborgarskap i vossaskulen. Me har lærande nettverk på fleire nivå for å vidareutvikla vossaskulen og skapa felles praksis. Skulane arbeider ut frå prinsippa om ein lærande organisasjon.
Granvin barne- og ungdomsskule har ledig to fagarbeidar-/miljørettleiarstillingar. Du vil jobba både i skule og SFO med rettleiing og støtte av elevane våre fagleg, emosjonelt og relasjonelt. Stillingane har vanleg arbeidsår (ikkje fri som skulen).
Granvin barne- og ungdomsskule jobbar kontinuerleg med klasseleiing og skulemiljø og aktiv undervisning ute som inne er eit satsingsområde. Du må vera glad i å vera ute i all slags vêr og trivast med å vera fysisk aktiv.
ArbeidsoppgåverSom miljørettleiar/fagarbeidar jobbar du tett på elevane og i lag med kontaktlærar og andre som til saman utgjer laget kring barnet. Du vil ha tett oppfølging av enkelte born med ulike behov, men også vera ein ressurs for alle elevane i undervisninga ute og inne.
KvalifikasjonarGodkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Solveig Hellesnes Uppheim
413 20 167
solveig.uppheim@voss.herad.no
Voss - bygd for sterke opplevingar
Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på!
Kommunen har om lag 15.600 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.
Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.