
Søknadsfrist: |
20.08.2025
|
Søknadsfrist: |
20.08.2025
|
Kvinnherad kommune søkjer etter Geodataansvarleg – som vil få arbeidsplass innafor ansvarsområda vassforsyning og avløpsanlegg.
Arbeidsoppgåvene vil vera:Vi ser helst at du har utdanning som ingeniør innan oppmåling og/eller geodata/GIS, samt erfaring innan vass og -avløpsanlegg. Andre med relevant utdanning/erfaring vil også verta vurderte. Kjennskap til programvare frå Volue (Gemini VA, Gemini Terreng og Gemini Portal+) vil vera ein fordel. Søkjar må ha førarkort kl B.
For stillinga er det viktig å ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevne, være systematisk og ansvarsbevisst. Kunna jobba sjølvstendig og ha god erfaring med bruk av digitale verktøy. Den som vert tilsett må kunna beherska norsk skriftleg og munnleg. Personlege eigenskapar vil verta vektlagt ved tilsetting. Det er ynskjeleg at søkjar oppgjer referansar som evt. kan kontaktast. For stillingane gjeld vanlege kommunale tilsetjingsvilkår i overensstemmelse med gjeldande retningsliner.
Vi tilbyrVi har eit godt arbeidsmiljø og stabile arbeidstakarar. Du vil få spennande oppgåver som vert løyst i samhandling med dyktige kollegaer i eit tverrfagleg og sosialt kompetansemiljø. Løn etter tariff.
Søknad vert å sendaKvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Kommunen kan gjere unntak frå Offentleglova etter nærare vurdering. Du må skriva grunngjeving.
Innsendt vitnemål og attestar vert ikkje returnert.
Tilsetjing skjer på dei til einkvar tid gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar. Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring. Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Link til søknadsskjema: Søk herEgil Eide
Einingsleiar
+47 99356126
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.
Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.