
Søknadsfrist: |
17.08.2025
|
Søknadsfrist: |
17.08.2025
|
Vi har stort fokus på å rigge tenestene på ein slik måte at dei er berekraftige i framtida, der ein nyttar rett kompetanse på rett stad.
Derfor ser vi etter deg som anten er autorisert helsefagarbeidar (hjelpepleier, omsorgsarbeidar) eller som har starta eller startar på helsefagutdanninga i 2025.
Vi har ledige stillingar, både faste og vikariat, som etter avtale kan ligge mellom 50 og 100% stilling. Så her er det mogleg å finne ein stillingsstorleik som passar livet ditt!
Fleste parten av stillingane har arbeid i turnus på dag og kveld, men vi har også ledig på natt om du ønskjer det!
Ser du etter helgestilling? Vi har nokre mellombelse stillingar for deg som ønskjer å prøve ut dette (14-22%) 😊
Arbeidsstad er for tida Vågåheimen, Heimetenesta eller ein kombinasjon.
Helgefrekvens er per dags dato kvar 3. helg, men med moglegheit for å endre dette til kvar 4. helg med langvakter. Det kan og vera moglegheit for tilpassing til 3-delt turnus.
Tenesteområdet har felles nattevaktsteam, der 3 tilsette er stasjonert ved Vågåheimen og 1 er stasjonert i heimesjukepleia. Desse 4 har tilhaldsstad ved Vågåheimen.
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar
Eigenskapane dine:
Personleg eignaheit vil bli tillagd avgjerande vekt.
Det vert kravd politiattest ved tilsetjing.
Vi tilbyr:
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.
Venlegast informer i søknaden om du kva for stillingsstorleik du ønskjer, og om du eventuelt søkjer på natt- eller helgestilling.
Stillingsprosentane vil ikkje bli delt dersom det er til vesentleg ulempe for arbeidsgjevar. Ved krav om auka fast stillingsstorleik må ein dermed fortrinnsvis ta stillinga slik den er.
Søknad
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Nærmare opplysningar rundt stillingane blir gjeve av:
Konstituert avdelingsleiar Vågåheimen, Berit Nilstad, berit.nilstad@vaga.kommune.no , tlf 453 43 807
Avdelingsleiar Heimetenesta, Pia K. Søberg: pia.soberg@vaga.kommune.no , tlf 461 96 741
eller
Tenesteleiar Helse- og omsorg, Hanne Stokke Moen: hanne.stokke.moen@vaga.kommune.no , tlf 948 65 287
Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Litt meir informasjon om Helse og omsorg:
Helse og omsorg består av Heimetenesta og Vågåheimen. Dagens Heimeteneste organiserar heimesjukepleietilbod, heildøgns omsorgsbustadar og dagtilbod for personar med demens. På Vågåheimen er det korttidsplassar, langtidsplassar, demensomsorg og aktivitetssenter. Vi har ei god blanding av tilsette, både i alder og fagleg profesjon. I tenestene har vi stort fokus på fagutvikling og arbeidar aktivt med kvalitetsforbetring på systemnivå og i dagleg drift. Det er mykje positivt som skjer i tenesteområdet, med byggjeprosjekt ved Vågåheimen, auka fokus på velferdsteknologiske løysningar, fagleg utvikling og kompetanseheving til våre tilsette.
Vågå kommune ligg midt i nasjonalparkriket, med Jotunheimen og Rondane som næraste naboar. Besseggen, kåra av National Geographic til ein av dei 20 World's best hikes , blir årleg besøkt av 60-70.000 fotturistar. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt og allsidig utbygd servicetilbod. Vågå har eit svært godt barnehage- og skuletilbod, med m.a. eigen PC til alle i grunnskulen. Kulturlivet er allsidig og rikt, og rommar noko for ei kvar interesse. Naturen gjev moglegheit for store naturopplevingar, som til dømes jakt og fiske, luftsport, langrenn og alpint. Sjå vågåleve.no for å bli betre kjend med oss.