
Vil du vere med å utvikle framtida i Sogndal – i lag med andre?
Sogndal kommune søkjer etter ein prosjektutviklar som vil vere med og forme samfunnsutviklinga gjennom små og store prosjekt med betydning for folk sine liv.
Sogndal er ein kommune i vekst, med eit aktivt lokalsamfunn, høg kompetanse og tydelege ambisjonar for framtida. Me har over 1300 dyktige medarbeidarar som kvar dag jobbar for å sikre gode, trygge og aktive liv for innbyggjarane våre. Sogndal, som alle andre kommunar, står samstundes i ein stor omstilling, der me må finne nye måtar å løyse samfunnsoppdraget på – og me treng deg som vil vere med og drive dette arbeidet framover.
Kven ser me etter?
Du har evne til å ta initiativ, drive fram prosjekt og mobilisere folk rundt deg. Du trivst i samarbeid, men har òg gjennomføringsevne og ståpåvilje. Du forstår samanhengen mellom ide, plan og gjennomføring, og likar å arbeide både strategisk og operativt – frå dei første skissene til ferdig resultat ute i felt.
Du bryr deg om samfunnsoppdraget i kommunen, og har eit ekte engasjement for det som er bra for folk – både no og i framtida. Du lærer raskt, og trivst med å utvikle og justere retning undervegs når det er naudsynt. Du er komfortabel med kompleksitet, og står stødig når ikkje alt er ferdigtenkt.
Døme på arbeidsoppgåver:
utvikling og gjennomføring av investeringsprosjekt i lag med andre tenester og aktørar i og utanfor kommunen
behovskartlegging, konseptutvikling og idéfasearbeid
prosjektleiing i gjennomføringsfasar
samspel med brukarar, tenester og eksterne partnarar
dokumentasjon og rapportering
arbeid med forbetring og utvikling av arbeidsprosessar
Kva forventar me av deg?
Du tek initiativ og jobbar målretta for å skape resultat
Du har heilskapsforståing og evne til å sjå både detaljar og samanhengar
Du er lærevillig og fleksibel – og nysgjerrig på kva som verkar
Du har relevant utdanning og/eller erfaring frå prosjektarbeid
Du har gode samarbeidsevner og kommunikasjonsferdigheiter
Du jobbar godt både sjølvstendig og i team
Kven er me?
Du blir ein del av eit tverrfagleg prosjektutviklingsteam som jobbar med utvikling av eigedom, bygg, VA, veg og park, samt anna infrastruktur og tenesteløysingar – tett på både innbyggjarar, politikarar og kollegaer i heile organisasjonen. Me jobbar saman for å skape gode løysingar og fremje ein berekraftig utvikling av Sogndalssamfunnet.
Nyfiken på kva Sogn har å by på? Sjekk ut Sogn.no!
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje – uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller bakgrunn. Me legg til rette for tilpassingar ved behov.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar skjer med ei prøvetid på 6 månader.
Kontaktperson:
Joakim Systaddal
mob: +47 45873833
Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar.
Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.