
Sande omsorgssenter ligg sentralt i Sunnfjord kommune, like ved E 39 omlag 20 min med bil frå Førde. Vi har 40 sengeplassar fordelt på to avdelingar. Omsorgssenteret har 35 årsverk. Lærlingar, elevar og studentar er jamt innom for opplæring og bidreg til eit utviklande miljø. Vi er opptatt av den gode dagen for dei som bur og arbeider her.
Har du lyst til å prøve noko nytt og vere ein del av vårt aktive og trivelege arbeidsmiljø? Vi går i gang med eit pilotprosjekt der vi skal tilsette serviceverter i eininga.
Arbeidstida blir på dagtid frå 08.00-15.30 måndag til fredag.
Servicevertane vil ha ansvar for å lage i stand måltida ved å lage frukost og kveldsmat, hente lunsj og middag og servere måltida til bebuarane. Servicverten har ansvaret for at gjeldande kjøkkenrutiner blir fulgt og bistå med andre oppgaver som er viktig for å halde god orden og flyt i kvardagen på omsorgssenteret.
Du må like å ha orden rundt deg, vere serviceinnstilt med godt humør og eit ønske om å bidra til det lille ekstra slik at bebuarane våre skal kjenne seg ivaretatt.
Vi ser fram til å lese søknaden din. Velkommen som søkar!
Kontaktperson:
Tove Aarberg
tlf: +47 57718221
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.