
Ein av våre dyktige medarbeidarar skal ut i foreldrepermisjon, og vi er derfor på jakt etter ein engasjert og løysningsorientert kundekonsulent. Dette er eit vikariat, med moglegheit for forlenging.
Som kundekonsulent hos oss får du ei nøkkelrolle i dialogen med kundane våre. Vi ser etter deg som gir gode og tydelege tilbakemeldingar, men ein venleg tone. Du trivst med å løyse utfordringar og finne svar på det kundane lurer på.
Kvar dag jobbar vi for å gjere det enklare for kundane våre å bidra til ei meir berekraftig framtid. Då må kundane få god informasjon om korleis dei skal sortere riktig, når og kor dei skal plassere dunkane sine og kva dei sjølv kan gjere for å ta meir berekraftige val både heime, på hytta og på arbeidsplassen.
Vi skal etablere eit heilt nytt kundesenter i SUM, og vil i løpet av hausten ha på plass ein leiar for denne satsinga. Du vil jobbe tett saman med denne personen og to andre kundekonsulentar.
Lennart Nes Nyhammer
Økonomisjef
+47 91 66 22 73
Sunnfjord Miljøverk (SUM) og dotterselskapet SumTrans, skal vi sikre gode avfallsløysingar i Askvoll, Fjaler, Hyllestad og Sunnfjord kommune. Akkurat no er det 18 sjåførar som held hjula i gong på SumTrans, og 23 tilsette som jobbar innan drift, renovasjon, økonomi, HR og kommunikasjon hos SUM.
Hovudanlegget ligg på Einestølen (mellom Førde og Naustdal). I tillegg har vi fem ytre gjenvinningsstasjonar. Både SUM og SumTrans har kontorlokaler i Førde sentrum.
Samspelet mellom selskapa er viktig. Saman skal vi samle inn avfallet i kommunane, og sørge for at det vert sortert og handtert riktig slik at mest mogleg blir gjenvunne og får ny verdi. Slagordet "avfall på rett veg" underbygger dette. Vi hentar avfall i alle krinkar og krokar, og sørger for at det hamnar på riktig stad til slutt. Målet er å redusere den totale avfallsmengden for å nå EU sine klimamål. Vi får stadig nye krav og retningslinjer som vi må forhalde oss til. Det betyr at vi heile tida må tenke nytt og finne smarte og gode løysingar for å imøtekomme desse krava. Derfor kan vi trygt seie at vi har ein interessant og utviklande arbeidskvardag.