
Søknadsfrist: |
22.07.2025
|
Søknadsfrist: |
22.07.2025
|
Er du vår nye medarbeidar i eit triveleg og utviklande arbeidsmiljø? Ein av våre trufaste tilsette pensjonerer seg.
Som helsefagarbeidar hjå oss får du jobbe i eit tverrfagleg team i eit kunnskapsrikt og inkluderande arbeidsmiljø. Vi har god helsefag- og sjukepleiarkompetanse der vi har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande fase og i ei palliativ fase.
Vi har stort fokus på arbeidsmiljø. Vi har det kjekt i lag på jobb, og du vil bli tatt godt i mot som vår nye medarbeidar.
Om avdelinga :
Sundheimen , lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar; somatisk og demens. Til dementavdeling er det og knytt til fire omsorgsbustader med heildøgnsomsorg. Vi arbeidar tverrfagleg for å møte pasientane sine behov. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. Sundheimen har i hovudsak langtidspasientar. Vi har serviceassistenter knytt til avdelingane på dagtid
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar:
Ønskjeleg
Eigenskapar:
Anna:
Stillinga inngår i årsplan med arbeid dag /kveld og 16 helger pr år. Ved internt opprykk kan andre stillingar bli aktuelle og vil bli vurdert av same søkarmasse.
Stillinga er ledig frå 1. september
Vi tilbyr:
Kontakt:
- Einingsleiar : Janne Thode , 56160400/45044569 janne.thode@oygarden.kommune.no
- Avdelingsleiar Glenn Bjærum, 56 16 04 00/ 900 76 112 Glenn.Bjærum@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.