
Vil du leie eit av dei viktigaste tenesteområda i Kinn kommune – og vere med å forme framtidas helse- og velferdstenester?
Kinn kommune er ein stor og mangfaldig kystkommune med om lag 17 400 innbyggarar og over 1600 tilsette. Vi har eit breitt og samansett tenestetilbod innan helse og velferd – frå institusjon og heimebasert omsorg til miljøteneste, rus- og psykisk helsearbeid og NAV. Vi står i viktige utviklingsprosessar og søkjer ein kommunalsjef med strategisk blikk, gjennomføringsevne og god evne til samhandling.
Som kommunalsjef for helse og velferd får du det overordna ansvaret for fag, økonomi og personal i eit samfunnskritisk område. Du blir leiar for 16 dedikerte tenesteleiarar og ein rådgjevar/nestleiar, og vil ha ei sentral rolle i å vidareutvikle tenestene våre. Du har ansvar for å sikre at tenestene held høg kvalitet i tråd med måla Kinn kommune har sett – til beste for innbyggjarane i heile kommunen.
Stillinga inneber tett samarbeid med politisk nivå, dei andre kommunalsjefane og kommunedirektøren, og du vil vere ein aktiv del av kommunedirektøren si leiargruppe. Som del av toppleiinga inngår du i eit leiarfellesskap saman med tre andre kommunalsjefar og fem stabsleiarar. Stillinga krev evne til å sjå heilskap og bidra til samhandling på tvers av organisasjonen.
Du må rekne med reiseverksemd og å vere regelmessig til stades i heile kommunen sitt geografiske område. Det er ynskjeleg med snarleg tiltreding.
Som kommunalsjef har du det overordna ansvaret for fag, økonomi og personal innanfor ditt område:
Offentleg søkjarliste
Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bedt om å bli unnateke offentlegheit. Kinn kommune vil varsle søkjarar som har bedt om unntak frå offentlegheit, dersom dette ikkje kan imøtekommast (offentlegheitslova §25). Det vil gå fram av den offentlege søkjarlista kor mange søkjarar det er til stillinga og kva for kjønn søkjarane har.
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling.
Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.200 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1600 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget.