
Er du motivert for å jobbe med ungdom, aktivitet, samhald og gode møteplassar? Då har vi jobben for deg!
I september 2025 opnar nye Førde ungdomsklubb i nye og flotte lokale på Førdehuset. Klubben vil vere open tysdag til torsdag frå kl. 14.30 til 20.00. Her skal ungdom få ein trygg og spanande arena der dei kan vere seg sjølv, møte nye og gamle venner og delta på ulike fritidsaktivitetar.
Stillinga følger skuleåret. Du vil jobbe ca. 67 % i skulevekene.
Gyldig politiattest av ny dato må leverast før du tiltrer stillinga.
Velkomen som søkar!
Du må søke elektronisk.
Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakast offentlegheit i tekstfeltet til søknaden.
Kontaktpersonar:
Einingsleiar Inge Larsen
mob: +47 91556326
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.