
Vil du jobba som lege i Stord kommune? Me har fleire ledige heimlar som fastlege og ynskjer deg på laget!
Det er ledig ein fastlegeavtale ved Stord legesenter med 1150 personar på liste. Kommunen er open for diskusjon om næringsavtale, fastlønna stilling eller andre alternativ ut frå søkjar sine ønske. Det kan også verta aktuelt å dele lista og få to heimlar med kortare listelengde. Den aktuelle praksisen er sentralt lokalisert i moderne lokale, med elektroniske pasientjournal og eigne kvalitetssystem. Det jobbar pr i dag 3 legar ved senteret.
Det er ein ledig heimel ved Heiane legesenter, lyses ut som næringsdrift. Senteret er veldrive med 7 legar og 1 LIS1. Det er for tida eit listetak på 700 i heimelen.
Det er ledig to heimlar ved Landsbylegane. Det er i dag 800 og 850 på listene. Det jobbar 5 legar ved kontoret og er lokalisert i lyse moderne lokaler i den nye Helseparken sentralt i Leirvik.
Forsterka basistilskot
Kurskompensasjon og kompensasjon for fråvær frå praksis for sjølvstendig næringsdrivande legar inntil 10 dagar/år.
Kompensasjon for sjukt barns fråvær 10 dagar.
Etableringstilskot - 300.000 i startkapital for nyetablerte sjølvstendig næringsdrivande som vert i stillinga i 3 år (utbetalast ved oppstart -- etter søknad).
Me vil strekkja oss langt for å koma i møte faglege utviklingsbehov anten søkjar er spesialist eller treng spesialisering som allmennlege. Kommunen er godkjend utdanningsverksemd og kan gje rettleiing og supervisjon frå røynde legar. Fastløna legar får gode permisjonsordningar og næringsdrivande ALIS lege vil få årleg utgiftsdekking knytt til vidare og etterutdanning.
Legen får gå inn i eksisterande samarbeidsavtale mellom legane ved det aktuelle kontor. Kommunen vil leggja til rette for at fastlegane skal ha trygge arbeidsvilkår med moglegheit for arbeidstidsordningar, med omsyn til familieliv, økonomi og fagleg fellesskap og utvikling.
Legen tar del i vaktordning på dagtid og i Sunnhordland interkommunale legevakt. Legevakta har fast stasjon i eit samarbeid mellom 3 kommunar med 31000 innbyggjarar. Det vert om lag 3 vakter/mnd. og høve for ekstravakter. Vaktdøger er oppdelt med tilstadesvakt for lege og sjukepleiar i fastlønsordning. Legevakta er samlokalisert med interkommunal sengeavdeling (KAD) i nye moderne lokale og nær Stord sjukehus og ambulanse.
Godkjent norsk autorisasjon som lege.
Søkjar må ha fullført turnusteneste eller fått godkjent tilsvarande teneste av Statens Autorisasjonskontor for Helsepersonell som gir høve til å praktisere som fastlege.
Ha refusjonsrett frå Helfo.
Fagleg dyktig og gode samarbeidsevner.
eit godt arbeidsmiljø, dyktige medarbeidarar og ein arbeidsplass der det er fokus på eit fagleg godt tilbod til pasientar og tilsette.
godt samarbeid med vel-fungerande lokalsjukehus på Stord.
Vilkår for fastlegeavtale elles går fram av gjeldande forskrift, retningsliner og tariffavtalar.
Løns- og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk. Det må leggjast fram politiattest.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kommuneoverlege Linda Mari Hammersland kan kontaktast på 969 44 927, e-post: Linda.Mari.Hamersland@stord.kommune.no
Stord legesenter
Øystein Nygård på: 478 60 040, e-post: oystein.nygaard@sklbb.no,
Dag Frode Valen Johannesen på 950 76 278, e-post: dfvj@sklbb.no
Heiane legesenter
Lars Gunnar Solsvik; e-post: lgsolsvik@gmail.com, tel.: 971 87 347
Landsbylegane
Etai Bogen; e-post: admin@landsbylegane.no, tel.: 993 61 047
Søknadsfrist: fortløpande innkalling til intervju.
Stord ligg sentralt i Sunnhordland mellom Stavanger og Bergen. Kyststamvegen E39 går over Stord, og Stord lufthamn har faste daglege ruter til og frå Oslo. Kommunen utgjer den sørlege delen av Stordøy i tillegg til den mindre øya Huglo. Nord på Stordøy ligg Fitjar kommune. Gjennom Trekantsambandet er Stord landfast med Bømlo og Haugalandet/Haugesund.
Stordsamfunnet har i heile etterkrigstida vore prega av vekst og endring. Skipsbyggings- og seinare den oljeretta industrien har vore motoren i næringsutviklinga.
Samfunnet er som næringslivet internasjonalt retta. Det fleirkulturelle samfunnet gjer at ein er opne for variasjon, nye idear og tankar til beste for komande generasjonar.
Ikkje minst er Stord byen og senteret i regionen Sunnhordland med mange og varierte tilbod innan privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett og kultur.
Byen sine unike fortrinn er at ”alt er nært”; både fjord og fjell, kulturtilbod, arbeidsplassar, offentlege etatar, handelssentra og uteliv.