
Søknadsfrist: |
15.07.2025
|
Søknadsfrist: |
15.07.2025
|
Vil du ha ein jobb der både fagkompetansen og omsorga di har betydning kvar dag – for dei som treng det mest?
Vi søker etter ein engasjert sjukepleiar som ønsker å bruke både fagleg tyngde og menneskeleg varme i kvardagen. Du får vere med i eit team som spelar kvarandre gode – har høg kompetanse, høgt tempo, mykje humor og ekte omsorg.
Naustdal omsorgssenter er det minste av seks omsorgssenter i Sunnfjord kommune. Vi yter tenester innan heildøgnsomsorg for personar som har behov for omsorg og medisinsk oppfølging gjennom døgnet. Eininga har 20,89 årsverk.
Hos oss møter du kollegaer med brei kompetanse innan demens, geriatri, akuttsjukepleie, lindrande behandling og personsentrert omsorg.
Vi er stolte av å vere ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunen, og vi jobbar kontinuerleg for å utvikle tenestene våre vidare.
Du får ein variert kvardag i 3 -delt turnus, og det er mogeleg å jobbe langvakter og 4. kvar helg med samla langfri om du ønsker.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Gyldig politiattest må leggast fram før start i stillinga.
Her blir du ikkje ein i mengda – du blir ein viktig del av eit lag som bryr seg, både om pasientane og kvarandre.
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar!
Kontaktperson:
Einingsleiar Renate Kvalstad
tlf: +47 57 81 62 01
mob: +47 952 47 301
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.