
Søknadsfrist: |
17.08.2025
|
Søknadsfrist: |
22.07.2025
|
Heimetenesta Edland/Haukeli søker etter ny medarbeidar. Me er ein gjeng med 28 trivelege og fagleg dyktige kollegaer som held til ved Norheimstunet omsorgssenter. Me verdset eit godt arbeidsmiljø, og ynskjer deg velkomen som søkjar hjå oss.
Stillinga er inne på omsorgssenteret og ute i heimejsukepleia, i to-delt turnus med arbeid tredje kvar helg. Det blir jobba med arbeidstidsordninger og etter planen er det årsturnus frå våren 2026.
Ved interne rokkeringar, tilset me også i desse.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Kopi av vitnemål og attestar må takast med til intervju.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Arnhild Romtveit
Avdelingsleiar, heimetenestene i øvre Vinje
Telefon: 47640276
E-post: arnhild.romtveit@vinje.kommune.no
Nasjonalparkkommunen Vinje byr på spanande kontrastar. Her møter kultur og folkekunsttradisjonar eit blømande og moderne næringsliv. Rolege og blide kulturlandskap møter ville og majestetiske høgfjell. Brusande elver møter stille fjellvatn.
Med eit areal større enn Vestfold fylke har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er sentra i attraktive turistområde, der ein av landets mest omfattande hytteutbyggingane har funne stad gjennom fleire år.
Inntektene frå den store kraftproduksjonen i Vinje har gjort det mogleg å utvikle eit høgt nivå på den kommunale tenesteytinga - ikkje minst innanfor skule, helse og omsorg.