Klepp ungdomsskule har ei ledig lærarstilling i 100 % frå 01.08.25
Alle lærarar kan søkja. Har du matematikk, naturfag og/eller norsk i fagkretsen er det ønskeleg, men andre fag er og aktuelle. Praktisk estetiske fag er alltid aktuelt.
Ikkje vent til fristen med å søkje, me kjem til å invitera inn aktuelle søkarar fortløpande til intervju.
Velkommen til ein spennande arbeidsplass!
Arbeidsoppgåver
Undervisning på 8.-10. trinn
Kvalifikasjonar
- Godkjent pedagogisk utdanning som kvalifiserar for undervisning på ungdomssteget
- Erfaring med klasseleiing og undervisning er ønskeleg
- Det vil bli vektlagt skulen sine behov og personlege eigenskapar
- Før ein eventuelt tiltrer stillinga må godkjent politiattest og tuberkulinprøve leggjast fram
Me ber om at alle attestar og vitnemål som er aktuelle for rett lønsplassering blir lagt ved søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner
- Du er ein tydeleg klasseleier med fokus på gode relasjonar
- Du er fagleg engasjert og utviklingsorientert
- Du er løysingsorientert, fleksibel og har evnen til å jobbe aleine
- Du har høg arbeidskapasitet
- Du har godt humør og tek ansvar for at dei rundt deg har det bra
Vi tilbyr
Vår visjon for elevane er å bli den beste du kan bli! Me ønskjer å vera trygge og tydelege vaksne for elevane, og engasjerte i heile menneske.
Klepp ungdomsskule er ein flott arbeidsplass med høg trivsel blant dei tilsette. Me har fokus på samarbeidslæring og gode relasjonar mellom elevane og dei vaksne. Skulen har gode system som gjer det enklare å bruka tid på å få til god læring.
Du blir ein viktig deltakar på eit godt lag på Klepp ungdomsskule!
Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar. Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram frå utlysing, og gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar. Løn i høve til lokal lønnspolitikk.