
Søknadsfrist: |
19.06.2025
|
Søknadsfrist: |
19.06.2025
|
Sunnfjord kommune ligg midt mellom Bergen og Ålesund. Kommunen har om lag 22 400 innbyggarar, og vart etablert i 2020 gjennom samanslåing av fire kommunar. I 2024 vedtok kommunestyret planen «Saman om EIN god oppvekst» – ein førebyggande plan for barn og unge som legg føringar for tverrfagleg samarbeid og heilskaplege tenester i kommunen.
Vil du vere med å vidareutvikle barnevernet i Sunnfjord kommune?
Vi har ledig ei 100 % fast stilling som assisterande einingsleiar i barnevernstenesta. Vi søker deg med solid erfaring frå barnevernsfeltet, engasjement for fagleg utvikling og eit ynskje om å bidra til god leiing og kvalitetsutvikling i tenesta.
Sunnfjord barnevern har 28,5 årsverk og er organisert etter ein spesialistmodell. Tre sakshandsamingsteam: mottak/undersøking, oppfølgingsteam og omsorgsteam. I tillegg har vi eit eige familieteam (tiltaksteam) og ein kontorfagleg stab som tek i vare administrative funksjonar.
Som assisterande einingsleiar blir du ein del av det utvida leiarteamet og vil jobbe tett med barnevernleiar og teamleiarar i utviklinga av tenesta.
På bakgrunn av krav til kompetanse i barneverntenesta, jf. lov om barneverntenester § 15-6, må søkar ha eller være villeg til å starte på relevant barnevernfagleg mastergrad eller anna relevant utdanning på tilsvarande nivå.
Krav om gyldig politiattest før start i stillinga.
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar!
Kontaktperson: Elisabeth Flo Kyrkjebø, tlf.nr 971 84 349.
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.