
Søknadsfrist: |
22.05.2025
|
Søknadsfrist: |
22.05.2025
|
Tednebakkane Omsorgssenter ligg i naturskjønne omgivnader med utsikt mot Hjeltefjorden på Rong i Øygarden Kommune. Vi er ein liten sjukeheim med ein somatisk avdeling, ein demensavdeling og ein forsterka skjerma eining med til saman 45 sengeplassar. I tillegg har vi eit dagtilbod med opp til 12 plassar.
Vi har eige kjøkken og kantine. Fagdekninga er god og trivselen er i fokus. Ønsker du å være en del av vårt trivelege fellesskap, er du hjarteleg velkommen til å søke jobb hjå oss. Her er det ingen kø til jobb og gratis parkering
Vi har no ledig 100% fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar ved demensavdeling med moglegheit for oppstart snarast mogleg.
Personlege eigenskapar:
Tednebakkane Omsorgssenter har nyleg starta med sjukepleiarteam. Det er i oppstartsfasen, men vi er godt i gang. Dette inneber at enkelte vakter også vil vera på somatiske postar. Vi har elles årsturnus med arbeid kvar 3 helg. Det vil også vera mogleg å ønskje langvakter med arbeid kvar 4 helg
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Einingsleiar Hilde Elin Nilsen tlf 47796852 e-post
Avdelingsleiar Kjersti Dagestad tlf 457 36 293 e-post
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.