
Søknadsfrist: |
19.05.2025
|
Søknadsfrist: |
19.05.2025
|
Søknadsfrist: |
19.05.2025
|
Søknadsfrist: |
30.06.2025
|
Er du sjukepleiar og er på jakt etter jobb for ei kortare periode? Sjå her!
Me har ledig ei mellombels 100% stilling som sjukepleiar ved institusjonstenester frå snarast. Stillinga er ledig til og med 31.08.25, men kan blir forlenga. Helsetunet har 24 plassar fordelt på tre avdelingar, korttid / langtid, sjukeheimsavdeling og avdeling for personar med kognitiv svikt. Me har lyse og trivelege lokaler med gode fasilitetar og utstyr. Her har me eige kjøkken, der det blir laga god og næringsrik tradisjonsmat frå botnen av.
Institusjonstenester er organisert under kommunalområde helse og omsorg. Det er om lag 30 tilsette ved institusjonen.
Me jobbar etter årsplan, som blir laga etter ynskje frå dei tilsette så langt det let seg gjere.
Håpar at du vil bu i den fine kommunen vår, passar det likevel ikkje for deg, så søk stillinga likevel. Me kan prøve å tilpasse vaktene slik at du kan pendle.
I tillegg kan avdelingsleiaren delegere fleire interessante oppgåver.
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Me legg stor vekt på personlege eigenskapar, og søker deg som er motivert til å jobbe innan eldreomsorg, og er engasjert og interessert i faget.
I tillegg ynskjer me at du:
Likar du å arbeide i eit godt arbeidsmiljø med nye utfordringar, og i tillegg brenn for faget - då ynskjer me deg velkomen på laget.
Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Ingrid Finden Bekkedal
avdelingsleiar institusjonstenester
+4795984639
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1800 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.