
Søknadsfrist: |
25.05.2025
|
Søknadsfrist: |
25.05.2025
|
Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler. Kommunen har mange mindre matprodusentar som i stor grad nyttar utmarksbeite i våre flotte fjell- og heiområder.
LÆRAR I KULTURSKULEN
Tokke Kulturskule har ledige stillingar, fast frå 01.08.25
Gitarlærar: I stillinga ligg ansvar for undervisning på gitar og eventuelt bass samt band, 40% fast stilling.
Danselærar: I stillinga ligg ansvar for undervisning i dans i grupper, 10% fast stilling.
Stillingane kan kombinerast eller delast opp på ulike måtar ved kompetanse på fleire felt. Vi er opne for å opprette nye tilbod ved gode alternative kvalifikasjonar hjå søkar.
* Utdanning på høskulenivå innan relevante fag
* Ønskje om pedagogisk utdanning
* Relevant arbeidserfaring
* Må ha førarkort og disponere eigen bil
* Andre kan òg søkje
* Løn og tilsetjing på kommunale vilkår
* Utfordrande arbeidsoppgåver i ein engasjert- og utviklingsorientert etat
* Eit godt arbeidsmiljø
* Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Andre opplysningar
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Tokke kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, livssituasjon, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Vi legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforhold dersom du har behov for det.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Spørsmål om stillingane kan rettast til kulturskulerektor,
mob.: 41 07 42 62, e-post: siri.moller-holst@tokke.kommune.no
Tokke kommune ligg i Vest-Telemark, midt mellom aust- og vestlandet. Kommunen har 2160 innbyggjarar og eit areal på 980 km2. Det er om lag 3,5 timar køyring til Oslo og 2 timar til fylkeshovudstaden Skien. Kommunehuset er lokalisert på Dalen, i nærleiken av det historiske Dalen Hotel og Telemarkskanalen.
Me er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har eitt av sine to regionkontor i kommunen. I Tokke ligg òg Vest-Telemark vidaregåande skule.
Tokke har eit aktivt kulturliv med mange frivillige lag som nyttar kulturhus, grendehus og idrettsanlegg. Den siste flotte innsats som vi har i Tokke er eit kunstverk av ei badstoga, Soria Moria, blinkande som eit smykke i Bandak.